Kommunedirektøren sitt framlegg til handlingsprogram og økonomiplan 2024-2027

Her kan du lese kommunedirektøren sitt framlegg til handlingsprogram og økonomiplan 2024-2027.

Kommunedirektøren sitt framlegg til handlingsprogram og økonomiplan 2024-2027

Kommunedirektøren si innleiing

Attraktivitet og omstilling

Kommuneplanen sin samfunnsdel legg opp til to hovudmål for neste 12 års periode. Attraktivitet og omstilling. Visjonen saman har vi handlekraft på kysten viser at det er to satsingsområde vi skal jobbe med. Kommuneplanen sin samfunnsdel vert arbeidd med å sende på høyring frå 15. desember - til 15. februar i samband med handsaminga av økonomiplanen.

Ressursrik kommune

Kommunen er særs rik på naturressursar, har variert lags- og foreiningsliv, gode framtidsmoglegheiter og eit sterkt næringsliv. Utfordringa for næringslivet er knytt til korleis ein handterer det grøne skifte, få tilgang på areal, dekke behovet for kraft og å skaffe fagfolk. Vi er kome langt med ein utviklande arealplan og såleis legge til rette for arealtilgang. Realisering av næringspotensiale vil vidare krevje samarbeid og stor grad av politisk/administrativt arbeid mot nasjonale og regionale mynde for å skaffe ressursar til omstilling og sikre rammevilkår for vårt næringsliv. Arbeidskraftutfordringa i næringslivet er samanfallande med kva kommunen opplever. 

Folketalsutviklinga – arbeid med integrering av flyktningar er viktig

Eit sterkt næringsliv dannar grunnlag for at folketalet ikkje forvitrar, men som kystsamfunn er vi vel vande med at sysselsetting, arbeidsplassar og aktivitet raskt endrar seg. Vekst i næringslivet kjem samfunnet til gode i form av høg verdiskaping, men ikkje alltid mange fleire arbeidsplassar. Dei siste åra har mottak og integrering av flyktningar kompensert for andre som har flytta ut. Utan slike bidrag frå flyktningane hadde Kinn hatt færre innbyggjarar. Vi ser også ein trend med større mobilitet i aldersgruppene enn før, også godt vaksne mellom 40 og 70 flyttar meir enn før, og også ut av kommunen.

Omstilling – skape ein attraktiv kommune

Vi veit at vi blir fleire eldre og færre barn. Eit viktig grep er å satse på byane med lokalisering av kommunale tenester. Fortetting vil skape ein attraktiv kommune. Dette gjev færre bygg å drifte. Vi omtalar dette som «10 minuttars byen». Det er likevel ikkje slik at vi ikkje har arealpolitikk andre stader i kommunen, men kommunale tenester, bør i større grad lokaliserast til færre bygg. Område for bustader, næring, og fritid er sett av i grendene.

Vi treng tenlege bustader i sentrum av byane for eldre. Her må vi samarbeide med næringslivet for å realisere slike planar. Med færre skulebarn kjem vi til å få stor overkapasitet i skulebygga våre om vi ikkje gjer endringar i struktur og krinsgrenser. Fleire av skulane våre har dessutan eit stort oppgraderingsbehov. Både økonomiplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel legg opp til færre skular, for å tilpasse oss lågare elevtal og sleppe rehabilitering av gamle skulebygg.

Framlegga i økonomiplan og kommuneplanen sin samfunnsdel baserer seg på vidare drift av skulane Skram, Torvmyrane, Florø Barneskole og Eikefjord barne og ungdomsskule. Det kan verke dramatisk å fase ut Stavang, Skavøypoll, Krokane og Raudeberg, samt vurdere  å redusere drifta i Brandsøy skule innan 2026/27. Som grunnlag til planarbeidet er det gjort ei konsekvensvurdering med omsyn på føremoner og ulemper av eit slikt framlegg til ny skulestruktur. Grepa inneber at vi gjer det mogleg å oppnå den økonomiramma (nedtrekk på 40 mill. kr. innan 2026) som kommunestyret har fastsett. Budsjett og investeringsprogrammet til Florø Barneskole og Skram skule er tilpassa framtidig elevtalsutvikling og skulestrukturen.

Vi meiner vi skapar ein attraktiv kommune med desse grepa. Vi skaper ikkje gode nok skular og ein attraktiv kommune med å årleg redusere løyvingar som følgje av færre elevar. Vi legg også vekt på å kunne gje likeverdige tenester til elevane våre. 

For tilbodet til eldre ønskjer vi også å prioritere bustader og institusjonar for å tilpasse «10 minuttarsbyen». Det viktigaste prosjektet er bygging av ny institusjon i Florø sentrum, som samlokaliserer helse- og omsorgstilboda i denne delen av kommunen. Her byggjer vi også ein fleirfagleg arena som er den viktigaste faktoren for rekruttering. 

Økonomiplan- og budsjett legg ikkje opp til store drifts- og personalmessige nedtrekk på omsorgssektoren. Men vi har likevel ikkje nok ressursar til å møte fleire eldre på same måte som vi gjev tenester på i dag. Innbyggjarane må i størst mogleg grad ivareta eiga helse, alderdom og bustad. Dessutan må vi aktivisere frivillige til å hjelpe oss. Vesentleg fleire eldre krev ei endring i tildeling av tenester og bruk av velferdsteknologi, som må løysast gjennom revisjon av dette planverket. Økonomiplanen byggjer på realisering av institusjon innan 2027

Utfordringar med å oppnå balanse

Alle teneste er gjennomgått med utgangspunkt å redusere kostnader i samband med denne budsjetthandsaminga. Det er utfordringar med å få balanse i budsjettet som følgje av større renteutgifter og investeringskostnader. 

I administrasjonen jobbar vi for å redusere tal stillingar med 20 årsverk. Vi jobbar også med å hente ut gevinst av IKT, m.a.. gjennom å arbeide for samanslåing av Nordfjordnett og SYSIKT. Vi optimaliserer tilbod innan barnehage og har ikkje lagt inn midlar til vidareføring av tilbod om barnehageplass til barn utan rett til plass. Innan kulturfeltet er det også gjort budsjetttilpassingar. Eigedomskatt er auka, men omsyntek ein sosial profil.

Det er særleg auka renteutgifter som bidreg til ubalanse og utfordringane med å setja saman eit tilfredsstillande budsjett. Kommunedirektøren må likevel ta eit atterhald. Løpande drift i 2023 har vist stor ubalanse. Sjølv om vi har gjort endringar, og tilpassa budsjettet til drifta, kan det vere faktorar vi har oversett, som kan skape meirkostnader på drifta i 2026.  

Økonomiplan – alternativt opplegg

Kommunedirektøren sitt primære budsjett- og økonomiplanframlegg ville ha vore å redusere investeringsprogrammet. På dette tidspunktet burde investeringsprogrammet for skule- og omsorgsinvesteringane vente til handsaming av kommuneplanen sin samfunnsplan var handsama.

Det er vanskeleg å lage ein lage ein økonomiplan med normale vilkår med utgangspunkt i kommunen sitt høge gjeldsnivå, og ikkje minst at den stig. Normale vilkår for økonomiplanarbeidet vil seie at ein sikrar overskott, har semje om omstillingstiltak og eigenfinansiering av investeringar på eit visst nivå. Slike vilkår vert nytta i økonomiplanlegginga for å unngå økonomiske kollaps i økonomiplanperioden og sikre føreseielege tenester.

Om vi hadde laga ein økonomiplan og budsjett no utan dei store tunge investeringane, kunne vi tatt dei i samband med revisjon av økonomiplan våren 2024. I mellomtida jobbar vi med innbyggjarane gjennom høyring av kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi kunne då fått ei betre formeining om kva innbyggjarane kan akseptere.  

Kommunedirektøren har likevel ikkje lagt fram dette, men laga eit økonomiplanalternativ som baserer seg på kommuneplanen sin samfunnsdel (føringar for gjennomgang av skulestruktur), omstillingsprogrammet som kommunestryet har vedteke og investeringar i økonomiplan 2023-2026.

Når vi legg opp til netto lånegjeld på oppunder 173% av driftsinntektene og netto rente- og avdragsandel på opptil 14% av inntektene skaper dette «sjokk i tenesteproduksjonen» og ein legg grunnlag for eit omfattande, naudsynt og stort kutt i tenesteproduksjonen for å halde rammene 

Dersom ein ikkje gjennomfører endringane i eit omfang som gjort framlegg om kan ikkje kommunen bygge t.d. Skram Skule no. Til det er gjeldbelastninga for høg og det er vanskeleg å forsvare store investeringar som ikkje aukar kommunen sin attraktivtiet og/eller reduserer driftskostnader.

Kommunelova sitt realismekrav

Vi har gjort ein jobb med å sikre balanse i økonomiplanen slik kommunelova krev. Kommunelova legg også føringar for at endringar skal være realistiske å oppnå. Realismekravet til driftsreduksjonar er knytt til i kva grad politiske organ vil forplikte seg til å gjennomføre endringar i skulestruktur og tenestetildeling, innanfor lovverket, men kanskje på ein lågare standard enn kva ein tidlegare har vore vande med.