Kan din arbeidsstad vere ein arbeidsstad for personar med utviklingshemming?

Logen til organisasjonen HELT MED - Klikk for stort bilete

Vi i Kinn kommune får besøk av organisasjonen HELT MED, som hjelper til med å legge til rette arbeidsplassar for personar med utviklingshemming. Vi ønskjer bedrifter i Kinn kommune velkomen til møte 19. januar!

Velkommen til møte torsdag 19. januar kl. 12.00 – 13.00

Stad: Øklandbygget i Florø, 4. etasje.

Du kan også delta på møtet digitalt

Kopier følgjande lenke inn i ein nettlesar: https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_YTI4Y2JmZjctYmU2Ni00NDgwLWFjZGEtZTdkYjQ5N2MyOTli%40thread.v2/0?context=%7b%22Tid%22%3a%221932ff7a-64ef-426f-a8cb-0698850f2b16%22%2c%22Oid%22%3a%22e50c0879-ddbe-43c8-908c-7b57f270581d%22%7d

HELT MED

  • betaler løn til arbeidstakar i fire vekers arbeidspraksis.
  • sikrar at arbeidstakar og arbeidsgjevar får ekstern oppfølging frå jobbspesialisering gjennom heile tilsettingsforløpet.

Arbeidsplass/gjevar

  • betalar ca. 20% av samanliknbar tariff  - ca. 30 – 35 kr. I timen
    • for arbeidstakar kjem dette i tillegg til inntektssikring gjennom uføretrygd

Lønsvilkår og arbeidsoppgåver

  • Arbeidstakar skal ikkje erstatte annan arbeidskraft.
  • Supplement for å gje auka service og produksjon utover det som hjå dykk reknast som normalt.
  • Det kan og omfatte nyttige og viktige arbeidsoppgåver som de i praksis ikkje ville tilsette nokon for å gjere.

Innsats frå arbeidsgjevar

  • Forutsetjing er at arbeidsgjevar legg til rette for god arbeidsinkludering.
  • I praksis er det eit kvalitetstempel å bli med i HELT MED-ordninga.

Fadder

  • De må utpeike ein tilsett, gjerne næraste leiar, som fadder for arbeidstakaren.
  • Dette er ein person som har lyst, evne og tid til å gje arbeidstakar den oppfølginga som er nødvendig.
  • Øvrige tilsette må bidra til at HELT MED–arbeidstakar inkluderast i det sosiale miljøet på arbeidsplassen.

Meir info om HELT MED finn du her