Invitasjon til idédugnad om moglege endringar i skulestruktur i Måløy og Florø

Kinn kommune inviterer til møte knytt til eventuelle moglege endringar i skulestruktur. Det vert møte på Raudeberg 20. august, og i Florø 21. august.

Raudeberg 20. august

Møtet vert halde på Parken kulturhus, onsdag 20. august kl. 18.00-20.00

Florø 21. august

Møtet vert halde på Torvmyrane skule torsdag 21. august kl. 18.00-20.00

Felles for møta

I juni inviterte vi dykk til eit innspelsmøte der vi bad om innspel til korleis vi kan nytte skulebygga og områda kring dei til å utvikle nærområdet og motverke eventuelle negative verknader dersom skuledrifta vert lagd ned. Eit sentralt spørsmål var korleis skulebygget/skuleområdet kan utviklast til å bidra til utvikling av området.

For kvart av områda Raudeberg, Torvmyrane og Krokane drøfta vi og fekk innspel til tre scenario, dersom skuletilbodet blir flytta:

1. Byggja og skuleanlegga blir ståande. 

2. Delar av bygga og anlegget blir ståande, t.d. gymsalane.

3. Alle bygg og skuleanlegg blir rivne og området blir transformert

Vi fekk mange innspel i juni og med bakgrunn i dei er det no utarbeidd eit utkast til korleis desse 3 scenarioa kan sjå ut/kva program dei kan innehalde både for Raudeberg, Torvmyrane og for Krokane. Vi ynskjer å drøfte desse med dykk og få tilbakemelding på kva de meiner om dei. I etterkant vil vi ferdigstille «moglegheitstudiene» for Raudeberg, Torvmyrane og Krokane og dei vil leggast fram for politisk nivå i tråd med vedtak i kommunestyret som er referert til sist i invitasjonen.

Det er politisk vedtatt, i kommunestyret i mai, å involvere breitt til ein idedugnad knytt til bruk av areal dersom skuledrifta opphøyrer ved Raudeberg skule, Krokane skule eller Torvmyrane skule. Vi inviterer difor Aktiv Raudeberg, Vedvik grendelag, Kvalheim grendelag, Refvik bygdeutvikling SA, næringslivet via Måløy vekst som gjerne må invitere næringsaktørar med i arbeidet, Krokane sør velforeining og Krokåsen grendelag samt næringslivet via Aksello som gjerne må invitere næringsaktørar med i arbeidet.  Møtet vert og annonsert på heimesidene til Kinn, i Friskus-appen og på facebook.

Vi håpar de har høve til å møte og ser fram til å få innspel til moglege scenario!

KOST- 059/25 Vedtak:

  1. Kommunestyret legg «grunnlaget for områdeplanlegging – grunnlaget for skulestrukturendringar» ut til offentleg høyring snarast mogleg, og med høyringsfrist 31. august. Kommunedirektøren skal sørge for breie medverknadsprosessar i høyringsperioden, slik at ein er sikker på at berørte interesser får kome med sine innspel.
  2. Parallelt med høyringa skal Kinn kommune arbeide med korleis ein kan bruke areala som i dag er Raudeberg skule, Krokane skule og Torvmyrane skule på ein måte der ein utviklar nærområdet og motverkar negative effektar av ev. bortfall av skuledrift. Formålet er å bidra til vekst og utvikling gjennom ein framtidsretta aktivitet og bruk av areala (og ev. anna nærliggande areal), dersom konklusjonen etter høyring mv. skulle vere å legge ned den respektive skulen.
  3. Kommunestyret delegerer til formannskapet å følgje opp arbeidet nevnt i punkt 2 i det vidare på vegne av kommunestyret.
  4. Formannskapet skal gjennom gode medverknadsprosessar med lokalsamfunna sørge for at dersom kommunestyret vel å legge ned ein skule, så skal det lages konkrete planar og tiltak ein raskt kan gå i gang med for å sørge for at ikkje bygg står tomme, men at ein kjem vidare med å utvikle desse lokalmiljøa i Kinn.