Invitasjon til FAU ved barnehagar og skular: Dialogmøte om temaplan for oppvekst og samfunnsplan

Både samfunnsplan og temaplan for oppvekst ligg ute på høyring. Vi inviterer FAU ved barnehagar og skular til dialogmøte om desse planane.

Begge planane ligg ute på høyring, og du kan finne meir informasjon om dei her.

Målet med dialogen er at vi skal vere saman om å skape ein god oppvekst for barn og unge i Kinn kommune, og gjere kommunen til ein god stad å bu. 

Vi ønskjer å legge til rette for informasjon og dialog med FAU ved alle barnehagar og skular om omstilling i oppvekst, utfordringar og viktige val som må takast.

For å nå alle, organiserer vi to møter

  • FLORØ: Florø kulturhus, festsalen, måndag 9. september kl .18.00 – 20.00.
  • MÅLØY: Vågsøy ungdomsskule, onsdag 11. september kl. 18.00 – 20.00.

Du treng ikkje melde deg på. Velkomen skal du vere!