Høyring Temaplan for oppvekst 2022-2034

Vi skal vere saman om å skape ein god oppvekst for barn og unge i Kinn kommune. Vi inviterer deg til å bli med på å ta dei riktige vala! Høyringsperioden du kan kome med innspel er frå 1. august til 30. september 2024.

Vår visjon: Saman om ein god oppvekst

Temaplan for oppvekst er ein strategisk plan for tenesteområda barnehage, grunnskule, PPT, barnevern, kulturskulen, vaksenopplæringa og helsestasjon. Planen er tverrfagleg og femner om Kinn kommune sitt ansvar og strategiar for ein inkluderande oppvekstsektor Målet med planen er å sikre heilskapleg grep om oppveksten i Kinn kommune.

Oppvekst- og kulturutvalet i Kinn kommune har i sak  040-24 vedteke å legge 2. utkast til Temaplan for oppvekst 2022-2034 ut på høyring. Vi ønskjer å invitere deg til å komme med innspel på temaplanen som nå ligg til høyring i perioden 01. august til 30. september.

Her kan du lese plandokumentet

Her kan du gi innspel på temaplan oppvekst via elektronisk høyringsskjema 


De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no, innan 30.september 2024.