Høyring av temaplan for oppvekst 2022-2034Lytt til tekstenStopp avspillingVi skal vere saman om å skape ein god oppvekst for barn og unge i Kinn kommune. Vi inviterer deg til å bli med på å ta dei riktige vala! Høyringsperioden du kan kome med innspel er frå 1. august til 30. september 2024.Vår visjon: Saman om ein god oppvekstTemaplan for oppvekst er ein strategisk plan for tenesteområda barnehage, grunnskule, PPT, barnevern, kulturskulen, vaksenopplæringa og helsestasjon. Planen er tverrfagleg og femner om Kinn kommune sitt ansvar og strategiar for ein inkluderande oppvekstsektor Målet med planen er å sikre heilskapleg grep om oppveksten i Kinn kommune.Oppvekst- og kulturutvalet i Kinn kommune har i sak 040-24 vedteke å legge 2. utkast til Temaplan for oppvekst 2022-2034 ut på høyring. Vi ønskjer å invitere deg til å komme med innspel på temaplanen som nå ligg til høyring i perioden 1. august til 30. september.Her kan du lese plandokumentetHer kan du gi innspel på temaplan oppvekst via elektronisk høyringsskjema De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no, innan 30.september 2024. Publisert 05.08.2024 15.29 Sist endra 20.08.2024 12.43