Høyring av samfunnsdelen til kommuneplanen 2024-2036 og planstrategi

Vi er i ein viktig fase der vi jobbar for ei heilskapleg og berekraftig utvikling i samfunnet vårt. Vi inviterer deg til å bli med på å ta dei riktige vala! Høyringsperioden du kan kome med innspel er frå 1. august til 30. september.

Her kan du gi innspel og lese samfunnsplanen

Kinn er ein attraktiv kommune som omstiller seg og gir likeverdige tenester. Omstillingsbehovet gjeld tenesteproduksjonen vår, eit næringsliv tilpassa nye tider, redusert forbruk og utslepp av klimagassar, samt kulturforståing for endringar.

Gjennom kommuneplanane til Kinn (samfunnsdelen og arealdelen) har Kinn kommune bygd og synleggjort store utviklingsmoglegheiter. Arealdelen gir retning for næringsvekst og viser utviklingsrom for bustader i sentrum og distrikta. 

Kva er samfunnsdelen til kommuneplanen?

Samfunnsdelen er det overordna strategiske dokumentet som med mål og strategiar viser kva retning vi vil samfunnet skal gå i.  Samfunnsdelen tek opp i seg spørsmål som korleis tilpasse oss endra rammevilkår og samfunnsmessige utviklingstrekk vi bør ha ein politikk på. 

Kvifor bør du engasjere deg?

Endringane i folketal og demografi vil påverke kvardagen vår på mange måtar. Vi må gjere prioriteringar og finne nye måtar å levere tenester på. Ditt engasjement i høyringsperioden er viktige for at vi skal kunne ta dei beste avgjerdene for framtida til Kinn. 

Vi treng dine innspel for å gjere Kinn til ein stad der både unge og eldre trivast, der vi har eit variert og rikt næringsliv, og der kommunale tenester held høg kvalitet trass økonomiske utfordringar.