Guleslettene Vindkraftverk og Kvalheim Kraft delar ut tilskotsmidlar

Guleslettene Vindkraftverk AS og Kvalheim Kraft DA ønsker å bidra til utvikling av eit godt frilufts-, fritids- og kulturtilbod i lokalsamfunnet og gir difor eit fast årleg tilskot til slike aktivitetar i kommunen.

Kinn kommune ved kultur og fritid bidreg med sin kjennskap til dei ulike lag og organisasjonar som er aktuelle for tilskotsordninga og bidreg til drift av tilskotsordninga.

Her er årets tildelingar frå Kvalheim Kraft

Kvalheim Kraft DA tildeler kr. 100 000 til frivillige lag og organisasjonar i nordre Kinn i 2024.

Det kom inn 19 søknadar på til saman kr. 820 475.

Følgjande lag har fått tildelt midlar

  • Vedvik grendalag, kr. 10 000
  • Skavøypoll Turn, kr. 20 000
  • Almenning Skytterlag, kr. 13 000
  • Raudeberg KFUK-KFUM Speidarar, kr. 30 000
  • Deknepollvegen Aktvitetspark, kr. 15 000
  • Vågsøy Hagelag, kr. 12 000

Her er årets tildelingar frå Guleslettene Vindkraftverk

Guleslettene Vindkraftverk tildeler kr. 72 000 til frivillige lag og organisasjonar i søre Kinn i 2024.

Det kom inn 7 søknadar på til saman kr. 102 500.

Følgjande lag har fått tildelt midlar

  • Norddalsfjord Grendalag, kr. 7000
  • Florø Seilforening, kr. 12 500
  • Florø Motorsportklubb, kr. 17 500
  • Redningsselskapet RS Ung Florø, kr. 15 000
  • Heimhug ungdomslag, kr. 20 000

Vi gratulerer og takkar for alle søknadar!