Friskliv og meistring inviterer til digitalt kurs i tobakkslutt

Friskliv og Meistring tilbyr kurs for deg som ynskjer å slutte med røyk og snus. Mange klarar å slutte på eiga hand, men det er dokumentert at støtte og rettleiing aukar sjansen for å klare det.

Hausten 2023 har vi digitalt interkommunalt røykesluttkurs på teams, opent for alle i Vestland fylke. Kurset har ingen kursavgift.

Påmelding til kurset her

Nokon tema som blir presentert

  • Korleis brukar du tobakk?
  • Korleis planleggar du å slutte?
  • Kva hindrar deg?
  • Bruk av tobakk - vane og avhengighet
  • Legemidlar og elektroniske hjelpemidlar
  • Å øve på å utsette, avlyse og erstatte tobakken
  • Glipp og sprekk
  • Vekt og mat gevinstar
  • Kanskje sette ein dato?
  • Planlegge ditt SLUTTEPROSJEKT

Tidspunkt

Onsdag 01.11.23, kl 14.00 – 15.30

Onsdag 08.11.23, kl 14.00 – 15.30

Onsdag 15.11.23, kl 14.00 – 15.30

Onsdag 29.11.23, kl 14.00 – 15.30

Onsdag 06.12.23, kl 14.00 – 15.30

Onsdag 13.12.23, kl 14.00 – 15.30

Onsdag 10.01.24, kl 14.00 – 15.30