Framande artar i Kinn

Framande artar påverkar vår stadeigne natur både på land og i sjøen. Desse artane er innført av menneske, og spreiing skjer anten direkte gjennom flytting, eller indirekte gjennom klimaendringar. I denne artikkelen skal vi presentere nokre av dei mest vanlege framandartane i vår kommune, og kva konsekvensar dei har for naturen vår.

Ein framand art er ein art som menneske, med eller utan vilje, har flytta og innført til område der han ikkje naturleg høyrer heime. Mange av desse artane er vakre og har blitt innført til bruk i hagar og parkanlegg. "Men den er jo så fin!", er ofte eit argument mot å fjerne til dømes lupin. Det er lett å gløyme at det nettopp er derfor han har blitt innført. 

Andre artar har vore tilfeldige passasjerar i ballastvatn eller ballastmassar på skip. I Noreg har vi ei liste, Fremmedartslista (tidlegare Svartelista), der nærare 2500 artar er vurderte. Lista vert oppdatert om lag kvart femte år og er utarbeidd av Artsdatabanken. Siste versjon er frå 2023. Artsdatabanken vurderer artar som har kome til landet etter år 1800 og som reproduserer seg i norsk natur.

Vurdering av dei ulike artane vert gjort etter invasjonspotensial (kor stor evne arten har til å spreie seg) og økologisk effekt (kva konsekvensar arten har for stadeigne artar), slik som vist i tabellen nedanfor.

Eit diagram som syner ein x- og y-akse over kva risiko ein art har.png - Klikk for stort bilete

Som figuren viser, kan ein art bli kategorisert som låg eller med ukjend risiko. Det betyr at ein framand art ikkje nødvendigvis har negativ konsekvens for naturmangfaldet.

Ein art som er innført før år 1800, blir ikkje vurdert som ein framand art. Ein av årsakene til dette kan vere at arten blir sett på som "ferdig naturalisert" og at han har nådd sitt potensiale for spreiing og påverknad på stadeigen natur.

Verstingane

Det er ein stor jobb som må gjerast for å redusere skadane framande artar gjer på naturen no og i framtida. Det viktigaste er å formidle kunnskap om dei ulike artane og hindre at dei vert flytta på eller spreier seg meir. Dette er også det mest kostnadseffektive. Nedanfor skal vi sjå på nokre av artane som fell under SE-kategorien (svært høg risiko), slik at fleire kan vere merksame på dei mest problematiske artane.

Det er heldigvis aukande fokus på framande artar, og mange er no allereie bevisste på artar innanfor SE-kategorien, som brunsnegl, mink og parkslirekne. Men visste du at også gyvel, rynkerose og gullregn er i denne kategorien? Vi har også fått hamnespy og japansk drivtang, og det er observert karpe i Litlevatnet i Florø.

Bladene til ei parkslirekne i sollys - Klikk for stort bileteBladene til ei parkslirekne i sollys Kinn kommune, Kaja Standal Moen

I tillegg kan vi nemne fagerfredløs, krypfredløs, skogskjegg, rødhyll og platanlønn, som alle er registrerte i Kinn kommune.  Det ligg registreringar i Artskart, som er kartløysinga kopla opp mot Artobservasjoner. Sjølv om det er mykje informasjon her, må ein rekne med at det finst fleire artar og mange fleire førekomstar av dei ulike artane som ikkje er registrerte.

Konsekvensar av framande artar

Framande artar påverkar naturmangfalde på ulike vis. Nokre framande planteartar, som lupin og gyvel, er nitrogenfikserande. Dette betyr at dei tek nitrogen frå lufta og fører det ned i røtene, noko som endrar jordsmonnet rundt plantane. 

Jordsmonnet blir då for næringsrikt for artar som blåklokke og prestekrage, som trivst best på skrinn jord. Andre artar, som parkslirekne, hamnespy, sitkagran og platanlønn, utkonkurrerer andre artar ved at dei greier å vekse fort i dårlege lystilhøve, og kveler eller stenger for andre artar. Minken er ein konkurrent til oteren, men er fyrst og fremst ein stor fare for sjøfugl då han drep og et det han kjem over av fugleungar og egg.

 Kva er kva?

  • Framand art: Ein art som er innført av menneske etter år 1800.
  • Ugras: Ein vekst som er problematisk for landbruket eller hageeigarar. Desse kan vere både stadeigne, innført til landet før år 1800 (og per definisjon ikkje ein framand art), eller ein framand art innført etter 1800. Døme på stadeige ugras er høymole og geitrams, medan skvallerkål truleg vart innført frå Mellom-Europa i mellomalderen og dermed ikkje er rekna som ein framand art.
  • Forbudslista: Vedlegg 1 i forskrift om framande organismar. Dette er ein oversikt over artar som er forbode å innføre, omsette og sette ut. Til dømes betyr dette at hagesentera ikkje har lov til å selje plantane på lista. Det er også forbode å dele og plante ut avleggarar.
  • Fremmedartslista: Ei liste over artar som har blitt innført til landet etter år 1800, som omtalt i denne artikkelen.
  • Svartelista: Tidlegare namn på fremmedartslista.

Klimaendringar

I takt med klimaendringane vil fleire framande artar kunne etablere seg, spreie seg og gjere skade på naturmangfaldet vårt. Parkslirekne, til dømes, spreier seg førebels stort sett ved at plantedelar som røter eller stenglar vert flytta, anten ved dumping av hageavfall eller flytting av massar. Planten blomstrar på seinsommaren; dette er for seint til at planten kan utvikle spiredyktige frø. Dette kan endre seg ettersom vekstsesongen vert lengre som fylgje av klimaendringar. Då vil problemet med parkslirekne bli endå større enn det er i dag.

Nedkjemping av framande artar

Det er svært ulik framgangsmåte for nedkjemping av framande artar. Hemlokk og sitkagran er lette å fjerne ved å dra opp småtre eller ved å sage nedanfor den nedste greina ved felling. For platanlønn er dette meir komplisert. Ved felling vil lønna, som mange andre lauvtre, kome med mange nye skot frå stammen, noko som gjer jobben vanskelegare. Her må ein ringbarke treet eller behandle stubben for å hindre attvekst. 

Parkslirekne er svært vanskeleg å bli kvitt. Kapping av plantedelane over bakken kan stimulere røtene til å skyte ut lange rotskot som kjem opp fleire meter frå "morplanten". Nye skot kjem fort tilbake etter nedkapping. Det er veldig viktig å lese seg opp på nedkjemping av dei ulike artane før ein bestemmer seg for å prøve. Hugs at det viktigaste er å hindre vidare spreiing.

Vil du bidra?

  • Ikkje kast hageavfall i naturen.
  • Ver forsiktig ved gravearbeid og flytting av massar. Om det er framande artar i massane, er det ulovleg å flytte dei utan nødvendige tiltak. Ta kontakt med kommunen om du er usikker.
  • Registrer framande artar i Artsdatabanken eller gjennom appen Artsorakelet.
  • Om du er jeger eller fiskar, kan du bidra til uttak av framande dyr eller fiskeslag, og registrere observasjonar av til dømes stillehavsøsters og japansk drivtang.
  • Meld frå til kommunen eller statsforvaltaren om hamnespy.
  • Ta med hanskar og hagesaks på tur - klipp eller dra opp småplanter av hemlokk og sitkagran, eller plukk lupin. Pakk lupin i plast og kast i restavfallet. Små treplantar kan ligge att på bakken.

Meir lesing - om du vil vite meir