Kva betyr trer for naturmangfald?

I denne artikkelen skal vi vise at eit tre kan bety heilt forskjellige ting for klima og naturmangfald alt etter kor det er plassert og kva art det er snakk om. Bli med og oppdag dei fascinerande måtane tre påverkar verda rundt oss, vi startar med dei ulike naturgodene til eit tre.

Eit tre har mange funksjonar der det står og gir fleire direkte og indirekte goder, som vert kalla økosystemtenester, vi delar desse inn i fire ulike kategoriar:

Støttande økosystemtenester

  • Jordbinding – treet held på jordmassar og hindrar erosjon. Tre i skråningar kan også hindre jordskred.
  • Biodiversitet-treet er heimen til fuglar, insekt, sopp, lav og mosar.
  • Fotosyntese, lauvverket tek opp CO2 og produserer oksygen som vi kan puste inn.

Regulerande økosystemtenester

  • Støyreduksjon frå trafikk.
  • Treet kan bidra til betre luftkvalitet ved at det bind til seg svevestøv.
  • Kjølande effekt - Det kan kaste skugge på gater og hus på varme dagar
  • Flaumdempande - bremsar og absorberar vatn

Forsynande økosystemtenester

  • Biomasse til ved/brensel.
  • Mat til fugl, polinatorar og andre insekt.
  • Reint vatn gjennom fordampingsprosessen.

Kulturelle økosystemtenester

  • Rekreasjon og nærnatur.
  • Estetiske verdiar- gjer gata eller vegen vakrare.

Eit tre kan vere til nytte eller ulempe, alt etter kor det står og eller etter kven du spør. For nokre kan det opplevast som deilig skugge; tenk deg for eksempel ei gate i ein storby ein heit sommardag, mens skugge i ein anna setting kan opplevast som tap av kveldssol. Har treet ein verdi i seg sjølv? Kan ein også spør…

Dei forskjellige treslaga har ulik verdi alt etter kva ein måler det i mot. Bjørk er kjend for a ha god brennverdi, eik kan ha fleire hundre artar som lever av og på seg, sitkagran kan ha store negative konsekvensar for naturmangfaldet, men er godt likt på grunn av rask vekst og eigenskapar som byggemateriale. 

Om ein ser eit tre frå eit naturmangfaldperspektiv har treet ein verdi i seg sjølv, men her er det også slik at nokre tre er viktigare enn andre, mens nokre tre er til ulempe for naturmangfaldet. Mange artar er avhengige av spesifikke treslag for å leve, og artar på raudlista er gjerne knytt til trer eller skogmiljø som det er blitt mindre av.  

Eika har svært stort biomangfald knytt til seg, med fleire artar som berre lev på eik, framande artar har ikkje dette, men kan likevel vere positivt for generalistar, gjerne insekt og vekster det finst mange av og som er altetande. I eit urbant landskap kan til dømes platanlønn tidleg om våren vere ei viktig kjelde til pollen og nektar for humledronninga, dersom det ikkje finnast selje i næleiken. Tre kan også vere kjelde til mange konflikter mellom naboar.

Lokale og framande treslag

I vår kommune er stadeigne naturtypar og artar typisk blandingsskog av bjørk og furu, med innslag av eik, ask, alm, rogn, selje, osp, or med fleire. Dette er artar som har vore i vanleg i Norge lenge, og som støttar naturmangfaldet her. 

På den andre sida har vi framande treslag der ein del av dei truar naturmangfaldet. Framande artar er artar som har blitt tatt inn til landet og sett ut eller planta på område dei ikkje ville ha vore utan hjelp frå folk. 

Artsdatabanken vurderer alle innførte artar opp i mot eit kriteriesett og utarbeider om lag kvart 5. år ei framandartliste (tidlegare svartelista). Det er sett ei grense ved år 1800, slik at artar som har vore her lenger enn det ikkje vert vurdert som framande. Framandartar som er vurdert som skadelege har ofte til felles at dei har få krav til vekseplassen og at dei sprer seg fort. Dette gjer at dei utkonkurrerer stadeigen natur og forringar naturmangfaldet. 

Dei treslaga vi har størst utfordring med i Kinn kommune er sitkagran og vestamerikansk hemlokk. Meir om desse om litt. Fleire framande treslag som er mange av i vår kommune inkluderer gullregn, platanlønn, rødhyll, og buskfuru.

Nedkjemping av uønskte artar

Nedkjemping av dei ulike artane krev ulike metodar, men ein kan generelt sei at bartrea (sitkagran, buskfuru og hemlokk) er enkle å kvitte seg med ved å sørge for at ein feller treet under nederste greina. Med lauvtrer er dette annleis; platanlønn vil for eksempel alltid kome med mange nye skudd frå stubben, og det er anbefalt å ringbarke treet og la det tørke ut over fleire år og ikkje felle det før det er heilt dødt. Dersom ein ønsker å fjerne framande treslag sjølv, er det veldig viktig å finne fram til god informasjon om nedkjempingsmetode før ein set i gang. Ein kan risikere å gjere vondt verre om ein ikkje veit korleis ein skal gjere det.

Snikande arealendring ved gjengroing

Sjølv om tre og skog er svært viktige for oss så har det mykje å sei kva art det er snakk om. Til dømes så har tre sine evner til å suge til seg vatn frå bakken negativ effekt dersom det skjer ved eller på myr, der det er meininga at det skal vere mykje vatn. 

Sitkagrana har veldig låge krav til jordsmonn og tilgang på lys, og kan vekse nesten kvar som helst. Det startar tidleg å  produsere frø samanlikna med andre treslag, og frøa kan vere spiredyktige i over ti år. Dette kan på lang sikt få negative konsekvensar for myrområder som inneheld mykje karbon, dersom grana tek over myra og den tørkar ut. Sitkagrana truar også kystlynheia som er ein utvald naturtype og mykje av i Kinn kommune. 

Attgroing kan også skje ved at stadeigne artar ikkje blir haldt nede av beiting eller slått og mange slåttemarker og blomsterenger har gått tapt som følgje av nedlagd gardsdrift. Arealendring er ofte forbunde med nedbygging, men det er viktig å sjå at gjengroing, spesielt når dei framande artane er med i bildet, kan ha store konsekvensar for naturmangfaldet. Det er heldigvis mange av innbyggarane som har fått augene opp for dette og har starta mange prosjekt for å få bukt med problemet.  

Fjerning av framande treslag i kommunen

Fleire stader i kommunen vår er dugnadsfolk i sving med å fjerne framande treslag. Nedanfor viser vi dei prosjekta vi kjenner til. I nordre delen av Kinn er det spesielt sitkagrana som er problematisk. I sør er ikkje attgroinga kome like langt, og det er mogleg å lære av prosjekta i nord og handle før problemet vert like omfattande som det til dømes var på Silda. 

Prosjektet på Silda

Med finasiering frå frå Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Vestland har bygdefolket på Silda, med uvurderleg hjelp i frå Sogn Botaniske Forening, gjennomført store dugnadar for fjerning av sitkagran på øya. Tømmeret vart hogd av profesjonelle skogsentreprenørar og fjerna med helikopter. Deretter er det tatt fleire grep for å hindre vekst frå nye tre.

Det har vore sett geiter til beiting, arrangert dugnadar for å fjerne nye skot frå frø i bakken og lyngbrenning. Denne saka viser korleis det såg ut før arbeidet starta og her er prosessen og meir om naturen på Silda.  Det er framleis mykje oppfølgingsarbeid igjen før ein kan sei at sitkagrana er utrydda på Silda. 

Storeåsen og Litleåsen i Florø

I 2021 vart det fjerna rundt 70 dekar sitkagran i samband med opprydding av den gamle skytebana. Her skal det etablerast stadeigen blandingsskog, og då er det viktig å halde småplanter av sitkagran og andre framande treslag i sjakk. 

Planting av stadeigne treslag er rett rundt hjørnet og blir utført av Florø Træplantningsselskab og kommunen. Prosjektet har fått støtte frå Miljødirektoratet og Sparebanken Vest. Det er mange typar edelgraner, vestamerikast hemlokk sitkagran og buskfuru i dette området. Desse og renningane frå frøbanken som kjem opp i åra framover må fjernast. I tillegg skal ei gamal slåtteeng på toppen av Storåsen bli restaurert.

Brandsøyåsen - vestamerikansk hemlokk

Hogst av vestamerikansk hemlokk i eit område på Brandsøyåsen - Klikk for stort bilete Ruben B. Bøtun

Hausten 2023 vart det fjerna mykje vestamerikansk hemlokk frå Brandsøyåsen. Då var det fokus på å fjerne store frøberande tre for å hindre at det sprer seg meir. Det er framleis ein del hogstarbeid som står att.  Arbeidet vert utført av Skogselskapet med finansiering frå Statsforvaltaren i Vestland. Det står igjen å fjerne ein god del store tre og etter det er det behov for skjøtsel i form av luking av nye renningar frå frøa som ligg i bakken.

 

 

Kvalheim

Vinteren 2021 var vart det utført hogst til ein verdi av rundt 2,7 million kroner som  forlenging av pågåande prosjekt i Movatna naturreservat. Dette var finansiert i Miljødirektoratet. Her er det behov for skjøtsel for å hindre gjenvekst. 

Deknepollen

Store sitkagraner på veg til dagsturhytta i Deknepollen - Klikk for stort bilete Gerda Silden Totland

Mykje er blitt fjerna med innsats frå eldsjeler, men det er stort behov for å fjerne meir. I tillegg pågår det ulike ryddedugnadar ved Raudeberg og på Vågsvåg.

 

 

 

 

 

 

 

Planvask - ekstra omsyn til naturmangfald

Kinn kommune var ein av kommunane som fekk tilskot frå Miljødirektoratet tidlegare i vår for å gjennomføre planvask. Målet med planvask er å ta ekstra omsyn til naturmangfald i planane våre. Første ledd i dette blir å kartlegge tre i urbane områder. Vi vil utarbeide eit temakart over enkeltre i dei utbygde områda våre, og ei vurdering av kva verdi dei har der dei står. Oversikten vi får vil kunne sei noko om kva tre det er ekstra viktig å ta vare på og kva tre som bør fjernast.

Vil du bidra til arbeidet?

  • Få vekk sitkagraner og hemlokk på eigedommen din for å hindre frøspreiing.
  • Ta med arbeidshanskar på tur og dra opp nye spirer av sitkagran og hemlokk. Rist av jord før du legg dei i frå deg, så vil dei etter kvart tørke ut.  
  • Du kan sjølv kartlegge alle slags artar, (både framande, raudlista artar utan spesiell status) ved å opprette brukar på artsobsevasjoner.no eller bruke appen Artsorakel. Dette bidreg med verdifull kartlegging som kommunen og andre kan bruke.
  • artsdatabanken sine kart kan du også sjå kor det er gjort registreringar.
  • Du kan arrangere pøbelgrandugnad med kollegaer eller med klassen din, kontakt gjerne kommunen for tips om kvar ein slik dugnad kan gjennomførast. I denne rettleiaren finn du mykje informasjon om korleis arrangere dugnad og om sikkerheit.  
  • Til slutt ønskjer vi å komme med eit filmtips. Alle som har bibliotekkort kan opprette ein brukar på Filmoteket. «Eiketreet - og dyrene som bor der» er ein fransk fim som følger eit stort eiketre og dei som lever der gjennom fleire sesongar. Filmen finn du på filmoteket her.