Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. septemberLytt til tekstenStopp avspillingI tidsrommet 15. april – 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark utan særskild tillatelse.Dersom du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ein generell plikt til å vise aktsemd for å unngå brann. Brot på denne plikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.Skjema for å melde om bålbrenning finn du herUnntak frå forbodI forsvarleg avstand frå skog og mark kan open brenning skje på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål utan spesiell tillatelse frå brannvesenet når dette openbart ikkje kan føre til brann.Meir informasjonDu kan lese meir om kva du bør vite før du tenner bål på sikkerhverdag.no. Publisert 21.05.2024 07.41 Sist endra 21.05.2024 07.41