Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. september

I tidsrommet 15. april – 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark utan særskild tillatelse.

Viss du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ein generell plikt til å vise aktsemd for å unngå brann. Brot på denne plikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.

Viktig å hugse på

  • All bruk av eld skal skje på ein trygg måte, slik at det ikkje kan føre til brann. Dette gjeld overalt, alltid! 
  • Brannvesenet gir ikkje tillating til brenning, det er den som tenner på som er ansvarleg for å gjere ei god vurdering og sikre at brannen ikkje sprer seg.
  • Registrering av lovleg brenning gjerast direkte til Kinn brann og redning i skjemaet ovanfor.

Unntak frå forbod

I forsvarleg avstand frå skog og mark kan open brenning skje på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål utan spesiell tillatelse frå brannvesenet når dette openbart ikkje kan føre til brann.

Meir informasjon

Du kan lese meir om kva du bør vite før du tenner bål på sikkerhverdag.no.