Ferske tal frå SSB viser at folketalet i Kinn går nedFersk statistikk frå SSB syner at vi framleis har eit svakt negativt fødselsoverskot. Det vil seie at forholdstala mellom tal døde og tal fødde fører til ein negativ befolkningsutvikling.
Det er også større utflytting enn innvandring, og dette er også ein bidragsytar til nedgangen. Tal innflyttarar til Kinn ligg på 351, medan utflyttarar er 513. Det er ein større del som flyttar ut av kommunen enn inn, og dette er ei trend som har gått føre seg i fleire år.
Innvandring frå utlandet stoggar til dels den negative utviklinga. Vi veit ikkje om det er innvandrarar frå utlandet som flyttar ut før dei har fullført det 5-årige introduksjonsprogrammet.
Innvandring har ført til vekst dei siste åra, men kanskje ikkje i framtida
Til tross for nedgang i år, har vi hatt positiv folketalsutvikling i 2022, 2023 og 2024 takka vere innvandring.
I følgje 2. tertialrapport for Kinn Utdannings- og Ressurssenter (KURS KF) har IMDi kome med reduserte oppmodingstal til kommunane, som følgje av reduserte ankomster til Noreg. Det er difor ikkje sterke indikasjonar på at folketalet vil vakse grunna innvandring frå utlandet i nær framtid.
Berekraftsbrøken – vi har ingen å miste
Berekraftsbrøken er forholdstala mellom yrkesaktive personar og personar som står utanfor arbeidslivet. I år 2000 var talet 2,5, og i 2020 var talet gått ned til 2,1. Vi blir altså færre yrkesaktive i høve til personar utanfor arbeidslivet kvart år. Denne trenden held fram. Prognoser fram mot 2060 viser til dømes ein brøk på 1,3.
NAV skriv den 8. august at 700 000 personar i yrkesaktiv alder var utanfor arbeid og utdanning ved utgangen av 2024.
Desse tala viser korleis eldrebølga og lågare yrkesdeltaking skapar press på offentlege tenester, og behovet for omstilling i samfunnet. Kinn vil saman med mange andre kommunar stå overfor store utfordringar med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, både til offentleg og privat sektor.
Difor må vi sjå til den nye samfunnsplanen og dra lasset i lag. Saman med deg, lokalsamfunn, lag og organisasjonar, næringsliv, stat og fylkeskommune skal vi gjennom handlekraft gjere Kinn til ein betre stad å bu, besøke, utvikle kultur og drive næring.