Folketalet i Kinn veks

Ved utgangen av 2024 hadde Kinn kommune 17 419 innbyggarar. Sjølv om fødselsoverskotet er negativt og fleire flyttar ut enn inn, veks vi takka vere innvandring.

Innvandring førar til folkevekst

I 2024 kom 387 nye innbyggarar til Kinn gjennom innvandring, medan 67 flytta ut. Dette gjev ei nettoinnvandring på 320 personar. Totalt hadde vi ei folkevekst på 70 personar i 2024.

Negativt fødselsoverskot, men stabil vekst over tid

I 2024 vart det fødd 148 born i Kinn, medan 193 personar gjekk bort. Dette gir eit negativt fødselsoverskot på -45.

Sidan 2022 har Kinn hatt ein jamn folkevekst. I 2022 auka folketalet med 48 personar, i 2023 vaks vi med 170, og i 2024 fekk vi ein auke på 70 innbyggarar.

Folkeveksten gjer at Kinn må sikre nok bustader for nye innbyggarar og tilpasse kommunale tenester som skular, barnehagar og helse- og velferdstilbod. Kommunen jobbar aktivt for å møte desse behova.