Folketal i 1. kvartal 2025Lytt til tekstenStopp avspillingI 1. kvartal 2025 hadde vi eit svakt positivt fødselsoverskot på 5 innbyggarar (45 fødde og 38 døde). Netto innvandring er lågare enn dei siste åra og netto utflytting til andre kommunar er framleis stor.Innvandringa er no ikkje stor nok til å kompensere for flytting til andre kommunar. Samla sett gir dette oss ein svak nedgang i folketalet på 16 personar og ved utgangen av 1. kvartal 2025 var det 17.403 innbyggarar i Kinn.Ved utgangen av 1. kvartal 2025 har vi ein nedgang på 16 personar.Les om rapport om befolkningsutvikling mot 2050Ny befolkningsframskriving for Kinn er også klar. I analysen ser ein på utviklinga i tre ulike scenario fram mot 2050 – og resultatet gir både grunn til ettertanke og håp. Vi publiserte ein artikkel om dette den 16. mai, som du kan lese her. Publisert 26.05.2025 12.29 Sist endra 26.05.2025 12.39