Veks vi – eller krympar vi?

Ny befolkningsframskriving for Kinn er no klar. I analysen ser ein på utviklinga i tre ulike scenario fram mot 2050 – og resultatet gir både grunn til ettertanke og håp. I fjor hadde vi ei tilsvarande analyse av befolkingsutviklinga som du kan lese her. 

Les befolkingsframskrivinga for 2025 - 2050 her (PDF, 3 MB)

Tre vegval – tre ulike framtider

Vi har fått utarbeidd tre framskrivingar for folketalet fram mot 2050. Eit scenario med høg vekst, eit med middels vekst og eit med låg vekst. Prognosane bygger på tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og analysar gjort i verktøyet KOMPAS. 

  • I høg vekst-scenarioet vil folketalet auke frå 17 034 til 18 647 innan 2050.
  • I middels vekst vil folketalet gå svakt ned, til 17 003.
  • I låg vekst vil folketalet falle til 15 517 – ein nedgang på over 1 500 personar.

Tilflytting og integrering løftar tala

Dei siste to åra har Kinn hatt ei positiv utvikling i folketalet – hovudsakleg på grunn av tilflytting og busetting av flyktningar. I 2023 var nettoflyttinga positiv for andre år på rad, med 166 fleire inn- enn utflytta. Samla innvandring låg på 377 personar i fjor.

Fødslar held ikkje tritt med fråflytting

Sjølv om fleire flyttar til Kinn, viser tala også at det fødast for få barn til å halde befolkninga oppe på sikt. Fødselsoverskotet – altså differansen mellom fødde og døde – var berre på 6 personar i 2023.

I låg vekst-scenarioet vil det difor vere ein jamn befolkningsnedgang, særleg blant unge i skule og arbeidsfør alder.

Eit eldre Kinn – med nye behov

I alle scenario blir innbyggarane i Kinn eldre. Talet på personar over 80 år vil til dømes dobla seg i mange heimetenestesonar. Dette krev både kloke prioriteringar og god planlegging innan helse og omsorg. Vi må ruste oss for fleire eldre og syte for at dei får bu trygt og godt heime.

Kva betyr dette for oss?

Befolkningsutvikling påverkar alt frå barnehageplassar og skulestruktur til arbeidsplassar og omsorgstenester. Skal vi lukkast med å halde oppe eit levande lokalsamfunn, må vi vere opne for endring, rause i møte med nye innbyggarar, modige i val og kloke i planlegginga.

Kinn kommune vil bruke framskrivingane aktivt i arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen og i tenesteutviklinga.