Ei tverrfagleg arbeidsgruppe med deltakarar frå Kinn kommune, skuleadministrasjonen og Norconsult har vurdert framtida til Florø barneskole. Konklusjonen er at skulen har eit solid bygningsmessig grunnlag og er godt eigna for rehabilitering.
Utkast til nytt inngangsparti ved Florø barneskoleKan bli eit moderne skulebygg med vedlikehald og mindre tilbygg
Bygget har lang restlevetid, gode tekniske føresetnader og potensial til å bli eit moderne skulebygg med funksjonelle og framtidsretta læringsareal. Ei rehabilitering kan gjennomførast innanfor ei kostnadsramme på om lag 200 millionar kroner og vil vere meir økonomisk lønsamt enn bygging av ein heilt ny skule. Ei modernisering vil også kunne gi betre kvalitet i læringsmiljøet og redusere ressursbruken i skulekvardagen.
Det ligg òg eit stort potensiale i uteområdet, med sine 21 mål. Tilrådd arealnorm for nye skular tilseier 50m2 per elev. Dette inneber eit arealbehov på om lag 30 mål. Likevel har tidlegare tilrådingar frå statleg hald opna for at skular med fleire enn 499 elevar kan ha mindre uteareal. Norconsult legg fokus på kvalitet og varierte uteareal framfor storleik.
Ved å samle Florø barneskole og Krokane skule i eit rehabilitert bygg, kan kommunen redusere drifts- og vedlikehaldskostnadene, og studien antydar at ein kan frigjere inntil 30–35 årsverk (samanlikna med eit gjennomsnitt av tilvarande skular) som er noko over det kommunedirektøren har lagt til grunn i sine berekningar for skulestruktursaka.
Kommunedirektøren tilrår rehabilitering av Florø barneskole med nytt tilbygg
Etter ei grundig vurdering frå prosjektavdelinga, Norconsult og fagmiljø i Kinn kommune, tilrår kommunedirektøren at Florø barneskole blir rehabilitert og utvida med eit nytt tilbygg. Dette er alternativ 2 i moglegheitsstudien som du kan lese her (PDF, 18 MB).
Løysinga legg til rette for moderne og funksjonelle læringsareal, samtidig som ein tek vare på det solide bygningsgrunnlaget i dagens skule. Samla investering vert lågare enn i det opphavlege forslaget, men gir framleis stor gevinst både pedagogisk og driftsmessig.
Hovudgrep i løysinga
- Trinn 1–3 og SFO held fram i «Maurtua».
- Trinn 4 får plass i eit nytt tilbygg sør for dagens gymsal.
- Trinn 5–7 blir verande i hovudbygget.
- Ny gymsal og modernisert hovudinngang gir betre tilgjenge og samanheng i anlegget.
- Skulekjøkkenet blir flytta til ein sentral del av bygget.
- Nye grupperom blir knytt til hovudarbeidsareala for kvart årstrinn.
- Lærararbeidsplassar, personalrom og skulehelsetenesta får oppgraderte lokale.
- Dagens uteområde blir rusta opp.
Løysinga gir eit fleksibelt bygg med betre logistikk, universell utforming og rom for moderne undervising. Med senka golv i gymsalen kan delar av den gamle bassengetasjen nyttast til tekniske rom og garderobar. Dei øvste etasjane i gamlebygget blir tilrettelagt for fag som kunst og handverk, musikk, naturfag og norskopplæring.
Kommunedirektøren meiner dette alternativet gir ein god balanse mellom investering, kvalitet og framtidig drift.