Tryggleik og kvalitetssikring
Eit bygg utan ferdigattest kan ha alvorlege feil eller manglar som kan påverke tryggleiken, til dømes mangelfull brannsikring eller dårleg ventilasjon. Manglande ferdigattest kan òg føre til problem ved eigedomssal, sidan bankar ofte krev ferdigattest for å innvilge bustadlån. Forsikringsselskap kan òg avslå erstatning ved skadar på bygg utan ferdigattest.
Kvifor manglar nokre bygg ferdigattest?
Sidan 1924 har det vore krav om ferdigattest i byggesaker. Likevel vart det mellom 1987 og 1997 ikkje stilt krav om obligatorisk bygningskontroll i kommunane. Dette førte til at mange bygg frå denne perioden ikkje har ferdigattest. Nokre gongar kan det òg vere at ferdigattesten har forsvunne frå arkiva.
Ved ei lovendring 1. juli 2015 vart det bestemt at bygg søkt om før 1998 ikkje lenger kan få ferdigattest. Desse bygga kan likevel brukast lovleg, men ulovlege tiltak blir ikkje automatisk godkjende. Grunnen til dette er at desse sakene er så gamle at det ikkje finst tilstrekkeleg dokumentasjon til å utstede ein truverdig ferdigattest.
I nokre tilfelle kan utbyggar ha gløymd å sende søknad om ferdigattest også.
Slik søkjer du om ferdigattest
Dersom du eig ein bygning som treng ferdigattest, må du sende ein søknad til kommunen.
- Sjekk om tiltaket krev ferdigattest
Dei fleste søknadspliktige tiltak krev ferdigattest. Mindre tiltak som er fritekne frå søknadsplikt, må likevel meldast inn til kommunen. Du kan sjekke dette via "Se eiendom" eller kontakte kommunen. - Samle naudsynt dokumentasjon
Du må legge ved:- Utfylt søknadsskjema (tilgjengeleg på kommunen si nettside eller hos Direktoratet for byggkvalitet)
- Erklæring om ansvar dersom tiltaket har hatt ansvarlege føretak
- Eventuelle andre påkravde vedlegg, som teikningar eller rapportar
- Send inn søknaden til kommunen
Søknaden kan sendast elektronisk til Kinn kommune på e-post: post@kinn.kommune.no eller per post til: Kinn kommune, Pb. 294, 6701 Måløy. - Behandlingstid
Kommunen behandlar vanlegvis søknaden innan tre veker. Dersom det manglar dokumentasjon, kan saksbehandlinga ta lengre tid. - Ferdigattest eller mellombels bruksløyve
Dersom alle krav er oppfylte, får du ferdigattest, og tiltaket blir formelt godkjent. Dersom det står att mindre arbeid, men bygget kan takast i bruk på ein trygg måte, kan du søke om mellombels bruksløyve.
Innsyn i eigedomshistorikk
Eigarar kan logge inn via "Se eiendom" for å sjå kva som er registrert av offentlege opplysningar om eigedomen sin. Dette forenklar dialogen mellom innbyggarar og det offentlege, og bidreg til betre datakvalitet i Eigedomsregisteret (matrikkelen).
Er bygget ditt registrert og godkjent?
Sjølv om eit bygg er registrert i matrikkelen, betyr ikkje det at bygget er lovleg. Matrikkelen skal spegle verkelegheita, og bygg blir registrerte der, men det er kommunen sine arkivdokument som avgjer om bygget er godkjent.
Dersom du er usikker på om bygget er lovleg og godkjent, kan du be om innsyn i dokumenta som er registrerte i kommunen sitt arkiv. Dette kan du gjere ved å kontakte kommunen. Det er desse dokumenta, søknadane og vedtaka som avgjer om tiltaket er godkjent.
Vi jobbar med ei løysing der du kan finne alle byggesøknadar, teikningar og tilhøyrande dokument på nettet. Ferdigattest og mellombels bruksløyve vil du også finne der.
Du kan sjå gebyrregulativet (prisliste) for slike saker her.
Meir informasjon om ferdigattest og byggesaker
Har du spørsmål? Ta kontakt med byggesakavdelinga vår eller bestill time med ein sakshandsamar her!