Ferdigattest og avslutting av byggesaker

Ferdigattestar er ein formell avslutning av byggesaka di og ei stadfesting på at du no kan ta i bruk tiltaket ditt lovleg.

Kommunen får ofte spørsmål om kva ein må gjere dersom ein bustad eller andre byggetiltak manglar mellombels bruksløyve eller endeleg ferdigattest. Dette vert særleg ei aktuell problemstilling ved sal av eigedom. Korleis dette kan bli løyst avhenger av kor lenge sidan det er at byggesøknaden blei sendt inn. Sjå vidare informasjon nedanfor.