Brøyting og strøingLytt til tekstenStopp avspillingKommunen har ansvar for brøyting, strøing og anna vintervedlikehald av kommunale vegar. Brøytevakta vert utført av kommunen sjølv og andre entreprenørar. Perioden dette skjer er frå 1. desember til 31. mars.Om brøyting og strøingBrøyting på kommunale vegar startar når det er 10 cm tørr snø og 5-7 cm våt snø i vegbana.Sandstrøing av vegane vert utført ved behov.Kommunen er delt inn i brøyteroder der kommunen driftar enkelte område, og det er private entreprenørar som utfører brøytinga. Brøyting på kommunale snuplassar blir utført av mannskap frå kommunen og entreprenørar.Mange stader er gatene smale, og det er liten plass til å brøyte unna snø. Kantstein, gjerde og gjenstandar som blir liggande under snøen er vanskeleg å oppdage, og er difor utsett for skader.Bilar som står parkert langs veg, eventuelt på tun lågare enn den vegen som blir brøyta, kan vere utsett for skade frå hard snø og grus som blir ført med snøen. Dersom du har fått skader etter brøyting må du rapportere til kommunen så snart du oppdagar skaden.Vinterlagring av utstyr bør gjerast i god avstand frå veg. Marker kantstein og andre murkantar med stikker, gjerne med refleks. Kommunen setter ikkje ut brøytestikker i byggefelta.Om vinterskilting i MåløyFor at vintervedlikehald skal utførast forsvarleg og effektivt, må det innførast «Vinterskilting». Parkerte bilar utgjer eit stort problem for brøytemannskapa og blir til hinder for utføring av nødvendig vedlikehald.Det er difor innført vinterskilting i dei mest tettbygde stadene i kommunen i perioden desember - april. Det vert sett opp eigne skilt i denne perioden som førar av motorvogn må vere aktsam for. Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 19.11.2024 09.31 Sist endra 19.11.2024 09.33