Barnehagane i nordre Kinn samla til fagdag

Fredag 10. november var langt over 100 kvardagsheltar som jobbar med dei yngste barna samla i Parken Kulturhus for ein fagdag som hadde tema «Dei sårbare barna».

Dei fire barnehagane Skarevik, Holvik, Skavøypoll og Trollskogen fikk i samarbeid sjølvaste Kari Killen som føredragshaldar. Ho har jobba med sårbare barn i meir enn 70 år, og i ein alder av 89 år reiser ho framleis i inn- og utland for å førelese om barn si tilknyting, forskning på små barn og stress, relasjonskompetanse, barn si personlege utvikling og traumeforståelse.

Det var ein ære å få ho til Måløy, for å snakke om noko så viktig!

Den tidlegare raudebergeren Bjarte Gangeskar, som no er sjølvstendigg konsulent etter lang fartstid i barnevernet, var konferansier og sydde heile dagen saman. Han avslutta fagdagen med sitt føredrag «Byråkratiet og regelverket er til hinder for eit nødvendig samarbeid?».

I tillegg til dei hadde BUP (barne- og ungdomspsykiatrien), PPT (pedagogisk-psykologisk teneste), helsestasjonen, politiet og barnevernet innlegg om sine arbeidsoppgåver, roller og ansvar med dei yngste barna.