125 000 kroner fordelt til tiltak for sosial utjamning i haustLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune har tildelt 125 000 kroner i tilskot til frivillige lag og organisasjonar som arbeider med sosial utjamning. Midlane skal bidra til at fleire innbyggarar får delta i fritidsaktivitetar og møteplassar som er opne og inkluderande.Kvifor delar kommunen ut desse midlane?Tilskotsordninga for sosial utjamning er oppretta for å støtte lag og organisasjonar som driv med aktivitetar for barn, unge og andre grupper i befolkninga. Målet er å redusere forskjellar og sikre at fleire får ta del i eit sosialt fellesskap – uavhengig av økonomi eller bakgrunn.Det blir delt ut 250 000 kroner i året, fordelt på to søknadsrundar – ein på våren og ein på hausten. Søknadsfristen i haust gjekk ut 15. september, og i denne tildelinga er det fordelt 125 000 kroner.Du kan lese meir om tilskotsordninga for sosial utjamning her.Slik blei søknadane vurderteDet er kommunen som vurderer søknadane og fordelar midlane administrativt, etter fastsette kriterium. Opne og faste aktivitetar blir prioriterte framfor enkeltståande arrangement. I vurderinga ser ein også på budsjett, medlemstal og korleis aktiviteten bidreg til inkludering.Desse fekk støtte hausten 2025 Sosial utjamning tildeling haust 2025OrganisasjonTiltakTildelt beløp kr.Florø SanitetsforeningSvangerskap og babytreff20 000Florø SanitetsforeningOnsdagstreff8000Florø SanitetsforeningSpråk med liv og lyst8000Måløy KunstlagSpråkkafé med maling, stikk og spel16 000Sprell LevandeBarnegruppe3000Vågsøy RC lastebilOpparbeide lokalet3000JomentumBarne- og ungdomskor15 000Måløy IdrettslagNM Cheerleading og WinterOpen12 000Florø Sportsklubb - FotballCup og turnering20 000Eikefjord IdrettslagDrift av aktivitetar20 000 Publisert 07.10.2025 07.27 Sist endra 07.10.2025 07.27