Tilskot til sosial utjamning

I 2025 kan du kvart halvår søke om midlar til sosial utjamning. I 2025 vert 250 000 kroner fordelt per halvår - for vinter 2025 skal 125 000 kroner tildelast. Første søknadsfrist er 24. februar 2025.

Gå til søknadsskjema om tilskot til sosial utjamning

Føremål med tilskotsordninga

Idretten, kulturfrivilligheita og andre frivillige organisasjonar kan søke tilskot frå kommunen til å drifte sine aktivitetar ut mot befolkninga.

Tildeling

Kinn kommune opprettar tilskotsordning på driftsmidlar til frivilligheita. Storleiken på midlane vert bestemt ut frå rammene i kulturbudsjettet til ei kvar tid.

Søknadsfrist

2 utlysingar i året, vår og haust. Tilskotet for våren blir lyst ut i januar og søknadsfrist er 15. februar (i 2025 er fristen 24. feb). Tilskotet for hausten blir lyst ut i august og fristen for å søke er 15. september.

Kven kan søke? 

Aktivitetstilbydarar som idretten, kulturfrivilligheita og andre frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret og har organisasjonsnummer. Organisasjonane må ha eit tydeleg føremål om å nå bredt ut med aktivitetane sine, ha fokus på inkludering og sosial utjamning.

Kva kan ein få tilskot til? 

Organisasjonane kan få tilskot til å drifte sine fritidsaktivitetar og lågterskel møteplassar som er retta mot innbyggarane i kommunen. Tilskotet skal gå til drift av jamlege aktivitetar eller til prosjekt. Aktivitetane skal vere retta mot born og unge eller ha stor vekt på inkludering.   

Vilkår for tildeling

1.      Midlane skal gå til frivillige lag og organisasjonar som tilbyr fritidsaktivitetar og lågterskel møteplassar for innbyggjarane i kommunen.

2.      Lag og organisasjonar som søker må ha organisasjonsnummer og vere registrert i Frivillighetsregisteret.

3.      For å kvalifisere til tilskotsordninga skal aktivitetane det blir søkt stønad til vere innretta som eit lågterskel tilbod for born og unge (gjeld kun fritid) eller vere eit inkluderingstiltak.

a)      Opne arrangement / aktivitetar vert prioritert.

b)     Tilskot til drift av faste organiserte aktivitetar vert prioritert framfor enkeltståande arrangement. 

4.       Lag og organisasjonar som har mottatt midlar frå ordninga forpliktar seg til å:

a)      La deltakarane få prøve ut aktiviteten i ein periode før dei betalar.

b)     At det er låg medlemskontingent/billettpris

c)      Lite krav til utstyr

d)     Tilbyr gratisaktiviteter innimellom 

5.      Elektronisk søknadsskjema skal nyttast.

a)      I søknader om driftstilskot skal det opplysast om tal medlemmer. Det skal leggast ved ei enkelt budsjettoversikt.

b)     I søknader om prosjekttilskot skal ei kort prosjektomtale og eit enkelt budsjett leggast ved. 

6.       Dersom tildelte midlar til sosial utjamning vert nytta til andre føremål enn det som er søkt om, kan Kinn kommune krevje beløpet tilbakebetalt.

7.       Det skal opplysast i annonser og liknande at Kinn kommune støttar tiltaket.

Søkarar som fell utanfor ordninga

Søknadsordninga gjeld ikkje søkjarar med eit hovudsakleg kommersielt formål / humanitært eller forkynnande formål / yrkesfagleg formål eller politiske parti. Kommunale eller offentlege eller andre offentlege instansar kan heller ikkje søkje.

Rettleiing

Ved behov kan ein få rettleiing på ordninga av frivilligsentralane.

E-postadresse til frivilligsentralane:


Telefonnummeret til sentralbordet: +47 57 75 60 00. Kinn kommune, e-post: post@kinn.kommune.no