125 000 kroner fordelt til sosial utjamning i KinnLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune har tildelt 125 000 kroner i tilskot til frivillige lag og organisasjonar som arbeider med sosial utjamning. Midlane skal bidra til at fleire innbyggarar får delta i fritidsaktivitetar og møteplassar som er opne og inkluderande.Kvifor delar kommunen ut desse midlane?Tilskotsordninga for sosial utjamning er oppretta for å støtte lag og organisasjonar som driv med aktivitetar for barn, unge og andre grupper i befolkninga. Målet er å redusere forskjellar og sikre at fleire får ta del i eit sosialt fellesskap – uavhengig av økonomi eller bakgrunn.Det blir delt ut 250 000 kroner i året, fordelt på to søknadsrundar – ein på våren og ein på hausten. Søknadsfristen for våren gjekk ut 24. februar, og i denne tildelinga er det fordelt 125 000 kroner.Du kan lese meir om tilskotsordninga for sosial utjamning her.Slik blei søknadane vurderteDet er kommunen som vurderer søknadane og fordelar midlane administrativt, etter fastsette kriterium. Opne og faste aktivitetar blir prioriterte framfor enkeltståande arrangement. I vurderinga ser ein også på budsjett, medlemstal og korleis aktiviteten bidreg til inkludering.Desse fekk støtte våren 2025 Sosial utjamning tildeling vår 2025Namn til mottakarTiltakSumFlorø sanitetsforeningSvangerskap og babytreff15 000Florø sanitetsforeningOnsdagstreff6000Florø sanitetsforeningSpråk med liv og lyst4000Måløy kunstlagSpråkkafé med maling, strikk og spel10 000Flora Røde korsSpråkkafé5000Flora Røde korsBesøksteneste Eikefjord5000Flora Røde korsZumba5000Flora Røde korsDamegruppa5000Friskis og svettis FlorøTrening10 000Hageselskapet Vågsøy HagelagDyrking og aktivitet5000ViltkoretKoraktivitet5000Florø sportsklubb - HandballGratis ferietilbod25 000Florø sportsklubb - FotballCup og turnering15 000Pass It OnStova møteplass10 000 Publisert 08.04.2025 13.54 Sist endra 07.10.2025 07.17