Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

23.04.2021 08.02

Om kommunen

Om kommunen

Kinn er ein flott kystkommune kor du kan leve urbant i byane Florø og Måløy, eller bu ved naturkreftene heilt ute i havgapet. Med isbreèn i aust, flotte sandstrender i vest, så er Kinn kommune ein variert og mangfaldig kommune.

Kinn har gode skular, barnehagar og ikkje minst fritidstilbod for folk i alle aldrar. Kulturlivet er variert både for den som vil oppleve kultur og den som vil utøve kultur. 

Næringslivet har eit sterkt eksportretta næringsliv både innan petroleums-, maritime- og marine næringar, skipsverft og har lang tradisjon innanfor fiskeri og oppdrett. Fleire av bedriftene ligg i toppsjiktet både nasjonalt og internasjonalt. Dei siste åra har kommunen markert seg sterkt innan teknologiutvikling og grøn IT.

I vår varierte kommune er det god plass til alle og vi gjer det vi kan for at både fastbuande og tilflyttarar skal trivast hos oss. Ta kontakt og vi vil prøve å hjelpe deg uansett kva det måtte vere.

Tenesteområda

Tenesteområda i kommunen er delt inn i sentraladministrasjon, barnehage, grunnskule, kommunehelse, pleie og omsorg, barnevern, sosialteneste, kultur, fritid og kyrkje, plan, byggesak og miljø, næring og samferdsle, bustad, brann- og ulukkesvern, vatn, avløp og renovasjon.

Kinn har 13 skular. Av dei er 2 reine ungdomsskular og ein 1-10 skule. I tillegg kjem kulturskulen. Det er 2340 elevar i grunnskulen. Kinn har 17 barnehagar, 4 av dei er private. Det er 834 barn i barnehagane i Kinn kommune.