Rutinar ved sjukefråvær

3 Når du er blitt sjuk

Dette må du hugse

Arbeidsplassen er den viktigaste arenaen for førebygging og oppfølging av sjukefråvær. Arbeidsgjevar kan ofte tilrettelegge slik at sjukmelding kan unngåast. 

Du bestemmer sjølv om du vil bruke sjukmelding eller avbryte den. Du kan også jobbe i kombinasjon med sjukmelding. Det kjem an på kva sjukdommen din tillet og kva det er praktisk høve å få til på arbeidsplassen. 

Føler du deg klar til å begynne å jobbe igjen før sjukmeldinga går ut, gjer du berre ein avtale med arbeidsgjevaren din. 

Greit å vite: Arbeidsgjevaren har plikt til å legge til rette for at du kan jobbe heilt eller delvis sjølv om du er sjuk. Husk at du alltid kan vurdere gradert sjukmelding. 

Veit du at fråveret blir kort, kan det vere like greitt med eigenmelding, så slepp du gå til lege.

Snakk med arbeidsgjevaren din 

Du har vore sjukmeld ei stund, og no er det tid for at du og leiaren din fyller ut oppfølgingsplanen saman – med mindre det er openberre grunnar til å la vere. Oppfølgingsplanen skal gjøre det lettere å tenke gjennom: Er det noen arbeidsoppgåver eg kan gjere sjølv om eg er sjuk? Er det noko som kan gjerast for at eg kan få det til? 

Oppfølgingsplan (innan 4 veker) 

Føremål; finne gode løysingar for å komme attende i arbeid og sikre dialog mellom deg og arbeidsgjevar 
Deltakarar; Du og arbeidsgjevar 
Ansvar; Arbeidsgjevar saman med arbeidstakar 
Digital plan tilgjengeleg på NAV.no der begge partar kan og skal bidra. 

Dialogmøte 1 (innan 7 veker) 

Føremål; finne gode løysingar, sikre dialog og oppdatere plan. 
Deltakarar; Du og arbeidsgjevar. I tillegg kan du eller arbeidsgjevar be om at bedriftshelsetenesta eller NAV blir med. Du kan også be om at sjukmeldar/legen og/eller tillitsvald deltek. 
Ansvar; Arbeidsgjevar har ansvar for å kalle inn til møtet. 

7 veker 

Oppfyller du aktivitetsplikta? Reglane seier at du har plikt til å vere i aktivitet medan du er sjukmeld – om mogeleg. 

Målet er å unngå at sjukefråværet blir for langt. Ved alvorleg sjukdom er det sjølvsagt unntak. Når du har vore sjukmeld i 8 veker , er det NAV si oppgåve å vurdere om aktivitetsplikta er oppfylt.

8 veker

Tid for dialogmøte med NAV 

Det kan hende du snart blir innkalla til dialogmøte med NAV – viss du ikkje allereie har vore der? 
I dette møtet kjem du saman med arbeidsgjevaren, av og til blir og den som har sjukmeldt deg invitert. Meninga er å kome fram til noko som kan hjelpe deg vidare. 

Rettleiaren frå NAV leiar møte og er ein nøytral deltakar som stiller spørsmål til alle som er til stades. 

Du fortel om jobben og situasjonen din: Kva som går bra og kva som er vanskeleg. Arbeidsgjevaren din fortel om arbeidsplassen, kva som er forsøkt og kva for muligheiter som finnes. Vi ser på oppfølgingsplanen som du og arbeidsgjevaren allereie har laga saman. Ser vi nokre fleire muligheiter på arbeidsplassen? Treng du nokre helsetenester, eller er det noko NAV kan bidra med? 

Til slutt oppsummerer NAV-retteleiaren møte og avklarer kven som skal gjere kva og kva tid det skal skje. 

39 veker 

Etter 52 vekers sjukefråver er retten til sjukepengar brukt opp. Du får et brev om dette når du har vært sjukmeld i 39 veker. Du kan kva tid som helst be om eit nytt dialogmøte eller ein individuell samtale med ein rettleiar på NAV-kontoret.