1. Overtid
Overtid er arbeid som vert pålagt ut over ordinær arbeidstid (per veke eller per dag).
Dersom arbeidsgjevar pålegg arbeidstakar å arbeide utover ordinær arbeidstid skal dette kompenserast med overtidsbetaling etter fellesbestemmelsane § 6. Arbeidstakar kan etter avtale med leiar velje å avspasere overtidstimar time for time og kun få utbetalt overtidstillegget.
Arbeidstakar kan ikkje påleggjast å arbeide fleksitid utover ordinær arbeidstid.
Bruk
Bruk av overtid må ikkje skje utan at det ligg føre eit særskilt og avgrensa behov for det.
Overtidsarbeid kan til dømes finne stad i følgande tilfeller:
- Uforusette hendingar eller forfall blant arbeidstakarane som kan forstyrre eller true med å forstyrre den jamne drift. Eksempel: maskinskade, strømbrot, sjukdom blant dei tilsette.
- Når overtidsarbeid er naudsynt for at ikkje anlegg, maskiner, råstoff eller produkt skal ta skade.
- Når det er oppstått uventa arbeidspress. Det er her ikkje nok at det oppstår eit særlig arbeidspress, arbeidspresset må også være uventa.
- Når det på grunn av mangel på arbeidskraft med spesiell kompetanse, sesongmessige svingingar eller liknande har oppstått særleg arbeidspress.
Overtid skal fordelast på ein slik måte at det ikkje vert for stor belastning på den einskilde arbeidstakar.
Godkjenning
Det er ikkje høve til å arbeide utover ordinær arbeidstid (overtid) utan at dette er pålagt av nærmaste leiar på førehand. Ved særskilt akutte behov om kvelden og nærmaste leiar ikkje er mogleg å kontakte, kan leiar godkjenne i ettertid.