Rettleiar for gatelys i Kinn kommune

3 Utforming

Ved planlegging av veg- og gatelys skal det takast ein samla vurdering av anlegget ut frå tekniske krav, funksjonelle, estetiske og økonomiske forhold. Anlegget sitt utsjånad i landskapet skal takast omsyn til. Lysanlegga skal i størst mogleg grad harmonisere med omgjevnadane.

Statens vegvesens handbok N100 "Veg- og gateutforming" og handbok V124 "Teknisk planlegging av veg- og tunellbelysning" er retningsgjevande for krav til belysning og utforming.

Veglys er i hovudsak ein elektrisk installasjon og alle gjeldande lover, forskrifter og normer skal tilfredsstillast ved bygging, drift og vedlikehald. Utførande skal være registrert i DSB Elvirksomhetsregister.

I vegnormalane dimensjonerast belysningsanlegga ut i frå belysningsklassar. I Kinn kommune vert følgjande lysklassar normalt nytta ved planlegging:

Vegtypar
Vegtype Klasse
Komunal veg med buss i rutetrafikk M4
Kommunal veg < = 30 km/t C4
Gang/sykkelveg P4


Kvar einskild veg må vurderast ut frå trafikkforhold, trafikkmengda og lyssetting i omgjevnaden.

Strandgata i Florø med tilhøyrande sidegater samt gate 1 i Måløy er definert som miljøgater. Vegar med buss i rute definerast som kommunal hovudveg, sjå skisse nedanfor. Resterande vegar vil i hovudsak vera vanleg kommunal veg.

Kartutsnitt som viser Florø - Klikk for stort bileteKartutsnitt som viser Måløy - Klikk for stort bilete

 

Ved gangfelt skal det nyttast intensivbelysning. Gangfelt og kryssande/fotgjengarar belysast med intensivt kvitt lys. I miljøgate nyttast forsterka lyssetting, i staden for, der området framfor og bakgangfelt belysast med høgt og jamt luminansnivå. Sjå SVV Handbok V124 kapittel 4 for vidare krav til lysstyrke og berekning.

3.1 Grøft

Grøft til veglyskablar skal etablerast i samsvar med REN-standarar. Veglyskabel leggast i rør Ø75mm mellom veglysmastene, i tillegg leggast eit ekstra Ø75mm rør for reserve og eit 40mm rør for fiber i same grøft. Reserverør førast ikkje opp i fundament.

Ved graving av grøft nærmare enn 4 meter frå kommunal veg, -eigedom eller i nærheita av installasjonar skal det innhentast graveløyve frå Kinn kommune v/Geomatikk AS.

3.2 Jording

Det leggjast eigen utjamningsforbindelse i form av 25mm2 CU-wire i kabelgrøft parallelt med veglyskabel. I grøft ved kvar mastefot lagast eit koplingspunkt på CU-wire for oppføring av isolert leiar til mast.

3.3 Kabelanlegg

Det kan nyttast TFXP eller PFXP Kablar. Kabel skal minimum ha leiartversnitt på 25 mm2 AL eller 16 mm2 CU. Som oppføringskabel i mast nyttast PFXP 2x2,5mm2 CU. Kablar skal ha varig merking i mast og skap. Til pullertar, nedgravne armaturar og anna miljøbelysning kan det nyttast kablar med mindre tverrsnitt. For kablar under 25 mm2 skal det nyttast kablar med kobbarledar.

3.4 Lysmaster

Lysmastene skal vere utført i varmgalvanisert og pulverlakkert stål. I hovudsak nyttast avtrappande master. Under planlegging skal det vurderast og dimensjonerast for vindstyrke på monteringsstad. Følgjande fargar og høgder skal nyttast i Kinn kommune, om ikkje anna er avtalt direkte med kommunen:

Florø

Lysmaster Florø
Vegtype Farge Lyspunkthøgde
Kommunal veg Grønsort RAL 6012 8 m
Miljøgate Svart RAL 9005 6 m, buet topp
Parker og gangvegar Grønsort RAL 6012 3-6 m

Måløy

Lysmaster Måløy
Vegtype Farge Lyspunkthøgde
Kommunal veg Varmforsinket 8 m
Miljøgate Svart RAL 9005 6 m, buet topp
Parker og gangvegar Grønsort RAL 6012 4 m

 

*Fargeval avklarast med Kinn kommune

Det nyttast stolpeinnsats med dobbelisolert boks IP65 med jordfeilautomat i kvar stolpe. Det skal forsøkast å oppnå jamn lyspunkthøgde i forhold til veg, dette må takast omsyn til ved val av mastehøgde. Mast skal ha fotplate for montering mot fundament. Utliggar skal nyttas der lysberekningar gjer dette nødvendig for å oppretthalde lystekniske krav.

Ettergjevande mast vurderast i samsvar med Statens vegvesen sine handbøker og skal nyttast dersom mast er plassert innanfor sikkerheitssone på veg med fartsgrense 50km/t eller høgare eller mast er plassert innanfor rekkverkets arbeidsbredde. Ettergivande master klassifiserast i:

  • HE - master (energiabsorberande, deformerast ved påkøyrsel)
  • NE – master (ikkje energiabsoberande, knekker lett ved påkøyrsel. «Avskjeringsledd»)


Type av ettergjevande mast må vurderast i kvart tilfelle. HE-master nyttast oftast i tettbygd og middels tettbygd strøk samt i midtdelar på veg med fleire køyrebaner og ved farlege sidehindre. På andre stader nyttast oftast NE-mast.

3.5 Fundament

Fundament tilpassast mast og monterast etter leverandørens rettleiing. Topp fundament skal gå jamt med terreng, slik at det er tilkomst til fotplate for ettersyn og vedlikehald. For nyanlegg nyttast varmgalvanisert og pulverlakkerte stålfundament. I blaute jordlag må ekstra pukk leggast under fundament. Tilbakefyllingsmaterialet rundt fundament skal være ein blanding av grus og finpukk (0-62mm). Massane komprimerast godt rundt fundament i minimum 0,5m radius. Holrom i fundament skal fyllast innvendig med same masse som utvendig eller singel.

På stadar spesielt utsette for vær og vind bør det vurderast andre typar forankring, til dømes betong.

3.6 Armaturar

Kinn kommune har rammeavtale om levering av lysarmaturar direkte med leverandør. Ta kontakt med kommunen for å få oppgitt leverandør, kommunen vil kjøpa inn armaturar via rammeavtale ut ifrå lysberekningar utført av installatør.

3.7 Fordeling / tennskap

Tennskap skal vere utført i solid og korrosjonsbestandig materiale. Det nyttast doble veggar og tettleik på minimum IP 65. Skap skal vere utstyrt med lås av type OLU. Farge på skap tilpassast miljøet det monterast i. Frittståande skap skal vere bygd for å tole mekanisk påkjenningar og leverast normalt som stål- eller aluminiumskap lakkert i same farge som master. For vegghengte skap nyttast normalt skap i grå plast. Kabelinnføring i skap skal utførast med kabel inn frå underside. Ved oppgradering av anlegg skal tennskap tilfredsstille dagens krav, om ikkje anna er avtalt.

Skap utstyrast med nødvendige vern, jordfeilautomatar, kontaktorar, målararrangement og rekkeklemmer tilpassa anlegget som skal forsynast. I tillegg skal det vere minst en ledig lyskurs og 30 % reserveplass i skapet.

Vidare utstyrast skap med:

  • Vender for “Auto – 0 - Man”
  • Varmeelement med bryter og termostat
  • Stikkontakt montert på skinne i skap
  • Lysarmatur med brytar i dør
  • Overspenningsvern
  • Lokalt astrour i tillegg til sentralt styresystem


3.8 Styresystem / automatikk

Armaturane leverast med integrert styring, ferdig programmert.