Om NAV

NAV har kontor i både Florø og Måløy. Nedanfor kan du lese om kva du får hjelp til.

Heimeside: NAV Kinn

På NAV-kontoret kan du få hjelp til:

  • Råd og rettleiing dersom du har vanskar med økonomi, gjeld, bustad, helse, familieforhold eller anna.
  • Økonomisk sosialhjelp til nødvendig livsopphald dersom du ikkje kan sørge for dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.
  • Mellombels bustad dersom du er i ein situasjon der du ikkje klarar å skaffe deg dette sjølv. 
  • Individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester saman med andre instansar.
  • Kvalifiseringsprogram dersom du har nedsett arbeids- og inntektsevne, og ikkje har rett til ytingar etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova.

Søk om deltaking i kvalifiseringsprogrammet (PDF, 109 kB).

Økonomisk sosialhjelp

Kontakt NAV på telefon: 55 55 33 33

Opningstida på kontaktsenteret er kvar dag frå 08.00-15.30.

Du må gje opp fødsels- og personnummer for å få hjelp i saka di.

Dersom andre ringer på vegne av deg, må du gje ei skriftleg fullmakt til dette.

Vakttelefon for NAV Kinn

Vakttelefon: 90 21 66 58.

NAV Kinn har vakttelefon for sosiale tenester som du kan ringe ved akutt behov for hjelp. Telefonen er betent i frå kl. 09.00 til 15.30.

Personleg frammøte

Ta kontakt på førehand ved å ringe kontaktsenteret 55 55 33 33 eller via "Ditt NAV" og skriv til NAV.  Vi kan gjennomføre samtalar på telefon, skype/video eller på kontoret.

Oversikt telefonnummer for personbrukar: 55 55 33 33

  • Tasteval 1: Sosiale tenester.
  • Tasteval 2: Arbeidssøkjar, dagpengar, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar.
  • Tasteval 3: Foreldrepengar, eingongsstønad, svangerskapspengar, barnebidrag, barnetrygd, kontantstønad, einsleg forsørgjar, pleiepengar og andre familieytingar.
  • Tasteval 4: Uføretrygd og honnørkort.
  • Tasteval 5: Anna.

Oversikt andre telefonnummer