Du kan få startlån dersom du har hatt langvarige problem med å få lån, eller tilstrekkeleg lånebeløp i ein privat bank. Det er for tida lang sakshandsaming grunna stor pågang av saker.
Får du bustadlån i ein vanleg bank, kan du ikkje få startlån. Er det ung i etableringsfasen, eller i ein situasjon der du kan spare, får du heller ikkje startlån. Barnefamiliar er unnateke kravet om å spare.
Barnefamiliar
- Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe eigna bustad.
- Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busitasjon innan kort tid.
- Du har problem med å dekke bukostnadar, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden.
Mottar trygd/offentlege ytingar
- Du har låg, men stabil og sikker inntekt, og får ikkje tilstrekkeleg lån i vanlege bankar.
- Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre naudsynte utgifter.
Bustadlåntakarar med gjeldsproblem
- Du har gjeld knytt til bustad, og annan gjeld med høg rente, og står i fare for å miste bustaden ved tvangssal.
- Du klarar ikkje å betene noverande gjeld, men kan dekke utgifter og behalde bustaden dersom låna vert finansiert med startlån.
Andre
- Du har spesielle sosiale eller helsemessige utfordringar, og manglar eigna bustad. Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busitasjon innan kort tid.
- Startlån til kjøp eller refinansering er naudsynt for å kunne oppretthalde ditt arbeidsforhold. Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre naudsynte utgifter.
Unge i etableringsfasen er ikkje i målgruppa
- Er du ung og manglar eigenkapital er du ikkje i målgruppa for startlån.
- Det er ein føresetnad at du nyttar dine moglegheiter for å spare opp naudsynt eigenkapital og søker lån i vanleg bank.
Startlån vert tildelt etter ei behovsprøving. Vi legg vekt på om du vert forventa å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad, og om du har nytta moglegheita til sparing.
Dersom du ikkje får lån i banken kan du søke om å låne heile kjøpssummen hos oss. Du kan få lån til ein måtehalden og eigna bustad i Kinn med omsyn til pris, storleik og standard.
Du treng desse vedlegga
- Løns- og/eller trygdeslipp for dei siste to månader.
- Arbeidskontrakt dersom du er i arbeid.
- Vedtak om trygd, dersom du har trygdeytingar.
- Dokumentasjon på all annan inntekt enn løn og trygd.
- Dokumentasjon på all gjeld.
- Utskrift frå gjeldsregisteret.com.
- Dokumentasjon på oppstarte midlar eller formue.
- Stadfesting på annan finansering eller eigenkapital.
- Avslag frå minimum to bankar.
- Bustadkontoret sin sakshandsamar kan be om annan eller meir dokumentasjon om naudsynt.
Send inn søknad
På husbanken si heimeside kan du søke elektronisk om startlån. Her kjem du til husbanken si heimeside.
Dersom du treng hjelp til utfylling av søknaden, kan du kontakt bustadkontoret i Kinn.
Bustadkontoret handsamar saka så snart som mogleg. Sakshandsamingstid er for tida ca. 6-12 veker.
Når du eventuelt har fått førehandsgodkjenning eller lånetilsegn kan du starte jakten på eigen bustad. Val av bustad skal godkjennast av Kinn kommune før du gir bod til meklar. Send prospekt eller Finn-annonse til bustadkontoret@kinn.kommune.no.
Eventuelle bod skal du gi til meklar. Meklar tar kontakt med bustadkontoret for å få godkjent finanseringa.
Kopi av signert kjøpskontrakt skal du sende til bustadkontoret, for at vi skal kunne utstede lånedokument. Utbetaling av startlån kan ta inntil tre veker etter innlevert kontrakt. Ved utbetaling av lånet må du oppgi forsikringsselskap og polisenummer. Når du har kjøpt bustad er det Sparebanken Sogn og Fjordane som tar seg av utbetaling av lån frå kommunen, fakturering, purring, inkasso, og svarar på generelle spørsmål om lånet.
Klagefrist er tre veker frå du mottar vedtaket frå oss. Klagen må innehalde grunngjeving for klagen, og eventuelle nye opplysingar og dokumentasjon. Send klagen til bustadkontoret som har fatta vedtaket. Bustadkontoret vil då vurdere klagen. Dersom klagen vert oppretthaldt, vert klagen sendt til kommunen si klagenemnd for endeleg handsaming.
Har du fått lån av Kinn kommune til din bustad, vil du finne generell informasjon om renter og tilbakebetaling.
Om rentevilkår
Kinn kommune følgjer Husbanken sine rentesatsar med eit påslag på 0,25%. Lånet vert gitt med flytande eller fast rente på høvesvis 3, 5, 10 eller 20 års rentebinding. For opplysingar om rentesats kan du sjå Husbanken si renteoversikt.
Intrum er vår eksterne låneforvaltar. Den tekniske handteringa av kommunen sine låneordningar vert forvalta av Intrum. Det betyr at Intrum tar seg av utbetaling av lån frå kommunen når du har kjøpt bustad, inkludert fakturering, purring, inkasso og generelle førespurnader om lån. Du kan kontakte Intrum ved å logge deg inn på
Gebyr
Det vert berekna gebyr for endring av betalingsplan, og for overføring av lån. Gebyra vert fakturert av Intrum.
Publisert av Henrik Ulriksen
Publisert 19.04.2021 11.10
Sist endra 21.08.2024 12.38