MinEigedom

Gjennom portalen MinEigedom finn du nyttig informasjon om dine eigedomar!

Logg inn på MinEigedom

Du treng ikkje å registrere deg. Du loggar deg enkelt inn via ID-porten og får tilgang på opplysingar om eigedomar der du er registrert som eigar. 

Om tenesten

  • Oversikt over kommunale avgifter og eigedomsskatt
  • Historikk på tidlegare betalte kommunale avgifter
  • Du kan stille spørsmål eller melde ifrå om feil/manglar direkte til Kinn kommune via elektronisk skjema
  • Grunnbok- og matrikkelopplysingar om dine eigedomar
  • Du kan velge kor mange gonger i året du ønskjer å motta faktura på kommunale avgifter

Hyppigheit på faktura

i MinEigedom kan du sjølv velge kor mange gonger i året du ønskjer å motta faktura på kommunale avgifter. Du kan her velge om du vil ha fleire faktura med eit lågare beløp, eller færre faktura med eit høgre beløp. Beløp du må betale for eit år vil samla sett vere det same.

  • 1 terminbeløp
  • 2 terminbeløp
  • 4 terminbeløp
  • 12 terminbeløp

Endringar vil skje frå neste fakturering etter endring.

Om du har eigedomar i andre kommunar, må desse kommunane også tilby MinEigedom for at du skal få tilgang til all informasjon. Om kommunane ikkje har registrert seg, vil du likevel få tilgang til grunnbok- og matrikkelopplysingar. 

Tilgjengelegheitserklæring for MinEigedom