Søknadsskjema
Søknadsskjema må innehalde gardsnummer, bruksnummer og adresse for eigedomen som skal delast. Det må kryssast av i alle rubrikkar som fortel kva søknaden gjelder.
Søknaden må dokumentere at krav om tilkomst, vatn og avløp er tilfredsstilt, samt eventuelle krav sett i gjeldande arealplan. Dette kan for eksempel vere krav til friareal, støyskjermar o.l. Dersom delegrensa skal gå gjennom bygning, f.eks. gjennom eit vertikaldelt hus, må gjeldande krav til brannsikring vere ivaretatt.
Dersom deling ikkje er i samsvar gjeldande arealplan og det føreligg særskilde grunnar, kan du søke om dispensasjon. Dersom du søkjer om dispensasjon skal dette vere markert i skjemaet under del A. Søknadar om dispensasjon skal grunngjevast.
Søknad om deling etter plan- og bygningslova
Søknad om deling av driftseining etter jordlova
Kart
Du må leggje ved kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 som er nyare enn 6 månadar, der du teiknar inn kva det skal søkast om. Dette er for eksempel kva del av tomta som skal delast frå. Det må også kome klart fram kva som er eksisterande og kva som er nye grenser.
Her kan du bestille situasjonskart og naboliste
Døme på informasjon som må komme fram av situasjonskart:
Utsnitt av kart i målestokk 1:1000. Søkt deling er merka med grønt. Nødvendig tekst er påført. N = nabo, G = gjenbuar.
E TORG
På kommunen si heimeside finn du digitale kart, 3D-modellar, nabovarsel, eigedomsinformasjon, arealplanar, meklarpakke og mange andre nyttige produkt som grunnlag for søknad om deling.
Sjå eTorg her
Nabovarsling
Skjemaet hentast frå Direktorat for byggkvalitet si heimeside
Skjema kan ein også få ved å ta kontakt med servicetorgene våre i Florø og Måløy.
Søknaden må innehalde utfylt nabovarslingsskjema med kvittering frå alle naboar og gjenbuarar som har motteke varsel. Ein skal som hovudregel varsle alle tilgrensande naboar, samt gjenbuarar som er direkte over vegen. I særskilde tilfelle, slik som f.eks. ved store avstandar, kan nabovarsling unnlatast, jf. pbl. § 21-3, andre ledd. Kvittering frå posten for rekommandert brev kan også nyttast som kvittering for sendt varsel. Dersom søknaden inneheld dispensasjon må dette kome klart fram i nabovarslingsskjemaet.
Saken skal ikkje sendast til kommunen før fristen for å kome med merknad til nabovarsel er gått ut, det vil sei 14 dagar etter rekommandert sending er sendt eller nabovarsel er stadfesta motteke, anten skriftleg eller digitalt.
Dersom ein har motteke nabomerknadar må søknaden innehalde søkjar si vurdering av merknadane. Dette kan vere ei beskriving av kva som er gjort for å imøtekome merknadane eller eventuelt ei grunngjeving for kvifor desse ikkje bør ha verknad på saka.
Veg, vatn og avløp
Før ein søker om frådeling må ein få avklart om veg, vatn og kloakk er opparbeida eller om det er mogleg å opparbeide – dette gjeld også eventuelle rettar til å legge veg eller leidningar over annan privat grunn. Skal dette leggast over eksisterande tomt eller anna grunn må kommunen få tilsendt ei skriftleg avtale om det. Denne avtalen må tinglysast når det nye arealet har fått tildelt gbnr.
Skjema for dette finn du her
Dispensasjon
Dersom du meiner at du har ein særskild situasjon som gjer at det bør gjevast unntak frå gjeldande plan, kan du søkje om dispensasjon etter pbl. § 19-1. Slike søknadar må grunngjevast. Typiske forhold ein treng å søkje dispensasjon frå er om eigedomen ligg innafor 100-metersbeltet i strandsona, jf. pbl. § 1-8, eller om delinga vert i strid med arealføremålet i gjeldande plan. Dispensasjonar gjeld for unntakstilfelle og krev god grunngjeving. Ofte skal dispensasjonar også sendast på høyring til andre offentlege instansar, slik som Statsforvaltar eller fylkeskommune. Deira tilråding vil vere førande for kommunen sitt vedtak. Dispensasjonar vert gebyrlagt uavhengig av om den vert innvilga eller avslått.
Søknad om dispensasjon fyller man ut i søknadsskjema under DEL A.
Dersom ein ønskjer å dele frå eit større tal tomter og/eller etablere nye byggeområder, vil dette truleg omfatte ei planendring. Dette vil krevje at ein engasjerer ein plankyndig konsulent og fremjar eit planspørsmål til kommunen si planavdeling. Ta kontakt dersom du er usikker på om ditt prosjekt bør fremjast som eit planspørsmål.
Informasjon om gjeldande arealplan med føresegner finner du i kommunen sin kartportal
Løyve etter jordlova for landbrukseigedomar
Om det frådelte arealet ligg på landbruksareal så må ein søke om godkjenning etter jordlova, det fyller du ut på DEL B på søknadskjema. Dette er eit gebyrbelagt handsaming.
Les meir om dette her
Rekvisisjon av oppmålingsforetning, krav om matrikulering
Som trinn to av oppretting/endring av grunneigedom må det haldast oppmålingsforretning der nye eigedomsgrenser vert fastlagt og oppretta formelt i matrikkelen.
Det må sendast inn krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning, før slik oppmåling kan haldast.
Kravet kan sendast samstundes med søknad om deling, eller etter at det er gjeve løyve til deling. Det må leggast ved saksreferanse til løyve til deling/oppretting eller endring av eigedom. Det vert teke oppmålingsgebyr for dette arbeidet, jamfør forskrift om gebyr for dette arbeidet og prislista.
Dersom det ikkje er sendt inn krav om matrikulering og rekvirert oppmålingsforretning innan 3 år etter delingsløyvet, fell løyvet til deling bort. Vilkår i løyvet må du sørge for vert oppfylt innan denne fristen. Du må og sørge for at det ikkje føreligg forhold som hindrar matrikulering (oppretting/endring og tinglysing av eigedom) innan same 3-årsfrist.
Dersom du vel å fremje ein søknad om deling, oppmodar vi om å sjå på våre heimesider for å finne fram til søknadsskjema, oppdatert situasjonskart og oversikt over kva naboar og gjenbuarar som skal varslast. Ta kontakt med kommunen sitt Servicetorg om du ikkje finn fram.
Komplett søknad om deling av grunneigedom sender du inn til post@kinn.kommune.no eller via post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.