Arealplan

Informasjon om kva planar som gjeld for din eigedom kan du finne på kommune sine kartsider. 

 Gå til kommunekart 

Gå til planregisteret vårt i arealplaner.no

Informasjon om planar som ligg til offentleg høyring eller er varsla oppstart for finn du her

Det pågår eit arbeid med rullering av kommuneplanen sin arealdel for Kinn kommune. Forslag til ny arealplan var på 1. gongs offentleg høyring i perioden 07.07.2023 – 03.11.2023. Det kom inn om lag 400 innspel/merknader til forslaget, inkludert motsegner frå offentlege instansar.

Kommunen arbeidar med vurdering av alle innkomne innspel og motsegner. Dette arbeidet inneber også behov for nye utgreiingar, oppdatering av konsekvensutgreiingane og ROS-analysene, og endringar i planforslaget. Arbeidet har teke noko lengre tid enn tidlegare forutsett. Det vert arbeidd mot at endra planforslag kan leggast ut på 2. gong offentleg høyring i løpet av våren 2025. Høyringa vil bli kunngjort i lokalavisene og på heimesida vår.

Alle innspel vert oppsummerte og vurderte i eit eige dokument som vil følgje saka. Korleis ditt innspel er vurdert, vil bli tilgjengeleg når revidert planforslag vert lagt på ny offentleg høyring.

Dersom du har spørsmål om

  • kommuneplan/reguleringsplan
  • dispensasjon frå plan
  • å lage ny privat reguleringsplan
  • å gjere endring av eksisterande reguleringsplan

kan du bestille tid for å få svar på spørsmåla dine her.

Når du bestiller kan du velje mellom møte, telefon eller svar på e-post. Kommunen har dessverre liten kapasitet til å svare på e-postar, og rår difor til at du nyttar denne løysinga.