Tilbod til ungdom

Kognitiv åtferdsterapi rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tankar, handling og følelsar. Eit viktig mål er å bryte sjølvforsterkande sirklar som opprettheld utfordringane til barnet/ungdomen.
 

Søknadsskjema 

Strevar barnet ditt?

Gjev barnet/ungdomen uttrykk for å vere meir engsteleg eller trist enn det som er vanleg?
I kognitiv åtferdsterapi lærer ein mestrings-ferdigheiter, slik ein kan takle stress, bekymringar og det å vere trist betre. Eksempel kan vere; forholdet til venner, å møte det ein fryktar, å løyse problema og å utvikle eit betre sjølvbilde.
 
Utfordringar med å uroe seg, oppstår ofte tidleg i livet. Når uroa byrjar å styre kvardagen, kan det skape ulike utfordringar. Det er heller ikkje uvanleg at barn/ungdom i periodar er triste, men sjølv få symptom kan skape problem. Å vere nedstemt kan over tid, utvikle seg til ein depresjon om ein ikkje får hjelp. Å vere trist og uroleg kan påverke både skuleprestasjonar, sosiale relasjonar og sjølvfølelsen. Kognitiv åtferdsterapi kan førebygge risiko for å utvikle meir alvorlege utfordringar.
 
Tenker du at kognitiv åtferdsterapi er noko ditt barn kan ha nytte av? Ta kontakt med oss for meir informasjon!

Kontakt

Cathrin Trollebø
E-post
Telefon 95 99 02 42