Mistenkjer du at nokon ikkje har det bra heime?Lytt til tekstenStopp avspillingEr du sjølv utsett for vald eller seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som du veit eller mistenker blir utsett for det? På denne sida finn du meir informasjon om kva du kan gjere og kvar du kan ta kontakt. Du kan òg lese meir om kva vald og seksuelle overgrep er, og kva det kan gjere med dei som blir utsett for dette. Treng du nokon å snakka eller rådføre deg med, kan du kontakte psykisk helse og rus. Vald og overgrep? Akutt hjelp Viktige telefonnummerPoliti: 112 eller 02800Krisesenteret Sogn og Fjordane: 57 74 36 00Legevakt/overgrepsmottak: 116 117Barnevernvakt: 57 75 68 00 (dagtid), 47 45 72 72 (mellom 15.30-8.00 og helg)Ring politiet ved fareVed alvorlege trugslar eller fysisk skade: ring 112.Legevakt og overgrepsmottakRing legevakt eller overgrepsmottak på 116 117 for undersøking og sporsikring.Ikkje dusj eller vask kroppen før undersøkinga.Ved halsgrep eller kveling bør du alltid oppsøke lege.Krisesenteret Sogn og FjordaneDu kan kontakte Krisesenteret Sogn og Fjordane på 57 74 36 00 for støtte og hjelp.Tryggleik her og noSpør deg sjølv: Er du, eller den som er utsett, trygg?Vurder kva du kan gjere for å vere trygg fram til du får hjelp.Når det gjeld barnPlikt til å hindre vald og overgrep mot barnDu har plikt til å hindre vald og overgrep mot barn dersom du har grunn til å tru at eit barn blir, eller kan bli, utsett.Situasjonar som kan vere teiknFysiske skaderTeikn på psykisk valdAlvorlege trugslarMistanke om seksuelle overgrepBarnet er redd for å gå heimBarn blir henta av foreldre som er rusa, eller er åleine heime med rusa foreldreMistanke om kjønnslemlesting eller tvangsekteskapBarnet fortel sjølv om det har opplevd vald eller overgrepKven skal varslast?Varsle politiet så snart som mogleg.Varsle barneverntenesta eller barnevernsvakta.Ved synlege skader: ta bilete om mogleg, og vurder om barnet må til lege for å sikre bevis.Viktig: Dersom det er mistanke om vald eller overgrep mot barn, skal ikkje foreldra varslast. Er du utsett for vald eller overgrep? Gratis og døgnopen hjelpVurderer du å bryte ut av ein valdeleg relasjon, eller har du allereie gjort det? Du kan ta direkte kontakt med kommunen sitt krisesentertilbod: Krisesenteret Sogn og Fjordane tlf. 57 74 36 00.Tilbodet er gratis.Du treng ikkje tilvising eller avtale.Krisesenteret er ope heile døgnet.Kva du kan få hjelp tilKrisesentertilbodet gir:Støtte og praktisk hjelpRåd og rettleiingHjelp til bearbeidingInformasjon om rettar og moglegheiterAdvokatbistandFormidling av kontakt med offentlege instansarMellombels butilbod i trygge omgjevnaderTryggleik og anonymitetKrisesenteret har teieplikt.Du kan vere anonym.Det er mogleg å ta kontakt for ein uforpliktande samtale.Viktige telefonnummerKrisesenteret Sogn og Fjordane: 57 74 36 00.Legevakt og overgrepsmottak: 116 117.Meir informasjonBesøk overgrep.no eller les meir hjå Krisesenteret Sogn og Fjordane si heimeside. Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn? Kven kan dette vere aktuelt for?Denne informasjonen er for deg som er til dømes:naboforelder i klassenbesteforelderspeidarleiarfotballtrenareller har ein annan relasjon til barnetKva skal du gjere?Dersom du er uroa for, eller trur at eit barn blir utsett for vald eller seksuelle overgrep: kontakt politiet eller barnevernet/barnevernsvakta.Er du usikker? Du kan drøfte anonymt med desse tenestene først.Politiet eller barnevernet vil gi deg råd om kva du bør gjere vidare, og om saka er så alvorleg at du må melde frå.Teikn du kan sjå etterSår og blåmerke på uvanlege stader på kroppenBrann- eller kuttskadarSvimmelheitSøvn- eller spiseproblemMagesmerter eller hovudpineUro, irritabilitet eller tristheitTilbaketrekking, utagerande eller «pleasande» åtferdReaksjonar ved berøringHyppige legebesøk eller innleggingar på sjukehus utan klare symptomForeldre som motset seg innsyn i familienSjølvskadingBruk av rusmiddelDårleg tannhelseSkjulte bodskap i barnet si åtferd eller snakkKorleis snakke med barnetBruk barnet sine eigne ord.Ver nysgjerrig og utforskande – ikkje krev detaljar.Start gjerne med observasjonar:«Eg har lagt merke til at du ofte har vondt i magen.»«Eg ser du verkar trøytt og trist.»«Du har blåmerke på armen.»Tips når du spørGjenta det barnet seier.Unngå leiande spørsmål – still opne spørsmål.Bruk støtteord: «hmm…», «ja, fortel», «fortel meir».Sei gjerne fleire gonger: «Eg er her», «kom innom om du vil snakke med meg».Avtal eit nytt møte med barnet.Bruk tid og pausar i samtalen.Når barnet fortelBekreft at det barnet har sagt er viktig.Sei at du må dele informasjonen med andre vaksne for å hjelpe.Avtal gjerne med barnet korleis informasjonen blir delt, og spør om barnet vil vere med på samtalane.Hugs: det er politi eller Statens barnehus som gjennomfører avhøyr – ikkje du.DokumentasjonSkriv ned det barnet har fortalt, så ordrett som mogleg.Noter kven som har sagt kva: «Mor seier …», «Barnet fortel …».Dokumentasjon er viktig.Kven kan du drøfte saka med?Barnevernet/barnevernsvaktaKrisesenter VestPolitietHandlingsarkHer finn du informasjon om kva du kan gjere ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn. Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot vaksne? Kven kan dette vere aktuelt for?Denne informasjonen er for deg som til dømes er:familiemedlemvenkolleganaboTeikn du kan sjå etterSår og blåmerkeBrann- eller stikkskadarSvimmelheitKonsentrasjonsvanskarSøvn- eller spiseproblemUro eller utagerande åtferdDepresjon eller irritabilitetEndra åtferd eller mange avlyste avtalarPersonen vil ikkje ta imot hjelp som krev innsyn i familienPartnaren er alltid med til avtalarHyppige legebesøk med diffuse symptomReaksjonar ved berøringBruk av rusmiddelKorleis snakke med den utsetteStart samtalenSei at du er bekymra.Beskriv kva du ser:«Du verkar sliten.»«Eg har lagt merke til at du ofte er borte frå jobb.»«Eg ser du har blåmerke på armen.»Fortsett samtalen«Dette gjeld kanskje ikkje deg, men mi erfaring er at mange som ikkje har det så greitt heime kan få slike plager. Kva tenkjer du om det?»«Korleis har du det heime?»Tips i samtalenUnngå å bruke ordet «vald».Still opne spørsmål – ikkje leiande.Lytt aktivt, bruk støtteord: «hmm…», «fortel meir om det».Gjenta nøkkelord.Unngå eigne vurderingar som «oi, så forferdeleg!».Tilpass spørsmåla til alder og forståing.Kva bør du avklare?Korleis artar valden seg?Slag, truslar eller seksuell tvangLugging, brenning, audmjuking eller latterleggjeringNekta råderett over eigne pengarHindra kontakt med familie og venerØydelegging av eigedelarMishandling av kjæledyrTvangsekteskapKor alvorleg er situasjonen?Når skjedde dette sist?Er den utsette redd for at noko skal skje framover?Er det fare for liv og helse for personen sjølv eller barna?Har den utsette tidlegare vore i kontakt med politi eller krisesenter?RisikofaktorarDesse forholda kan auke risiko for grov vald og partnardrap:SamlivsbrotTidlegare valdsepisodarTilgang til våpenArbeidsløyseØkonomiske vanskarSjukdom eller rusavhengigheitDersom slike risikofaktorar er til stades: kontakt politi og krisesenter.Viktig dokumentasjonOppmod den utsette om å skrive ned kva som skjer, kvar og når.Noter sjølv det du får høyre, ordrett om mogleg.Informer den utsette om kva du vil gjere med opplysningane.HandlingsarkHer finn du informasjon om kva du kan gjere ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot vaksne. Handlingsplan mot vald i nære relasjonarGå til handlingsplanen mot vald i nære relasjonar herVald i nære relasjonar er alvorleg kriminalitet, eit angrep på grunnleggande menneskerettar, og eit folkehelseproblem. Vald har mange uttrykk, og omfattar fysiske, psykiske, seksuelle og materielle overgrep.Det kan omhandle overgrep mot noverande eller tidlegare kjærast, sambuar, barn eller ektefelle. Vald kan ramme barn, barnebarn eller overgrep mot eldre slektningar. Publisert 16.09.2025 13.05 Sist endra 16.09.2025 14.01