Barnehageloven

Barnehageloven §37 i kommunen

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikten til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ein uforhaldsmessig byrde for kommunen. Ved vurderinga av om tilrettelegginga inneber ein uforhaldsmessig byrde, skal det særleg leggast vekt på tilrettelegginga si effekt for å nedbygge funksjonshemmande barrierar, dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga og virksomheita si ressursar.

Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne.
Alle barn som går i barnehage har krav på eit tilbod i samsvar med barnehageloven og rammeplan for barnehagar. Barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehage på same måte som andre barn. Dersom barnet treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, har kommunen ei plikt til å fatte vedtak som sikrar at barnet får eit eigna individuelt tilrettelagt tilbod, jf. Bhl.§37. Målet med individuell tilrettelegging er at barnehagen skal tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet ut frå barnet sine behov og føresetnadar.

Vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne er eit einskildvedtak. Jfr. FVL §2

Nedsett funksjonsevne

Nedsett funksjonsevne er definert som «tap av, skade på eller avvik i en av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjoner» (NOU 2011:22). Det kjem fram av forarbeida til diskriminerings- og tilgjengelighetsloven at omgrepet omfattar fysiske, psykiske og kognitive funksjonar.

Om barnet har nedsett funksjonsevne må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle, og barnet sitt funksjonsnivå må sjåast opp mot den enkelte situasjon barnet er i.

Sjølv om omgrepet nedsett funksjonsevne skal forståast vidt, er det lagt til grunn i forarbeida til diskriminerings- og tilgjengelighetsloven at tilretteleggingsbehovet må vere av ein viss varighet og styrke for at den skal kunne grunngje eit krav om individuell tilrettelegging (Ot.prp. nr. 44 2007-2008 s. 180).

Dokumentasjon

Kommunen «skal påsjå at saka er så godt opplyst som mulig før vedtak treffast» jf. Forvaltningsloven § 17. Å få saka godt opplyst er naudsynt for at kommunen skal kunne gjere vurderingane bhl. §37 krev. Aktuell dokumentasjon kan vere uttale frå lege, spesialisthelsetenesta, BUP eller PPT. Ei melding om behov for tilrettelegging frå føresette og/eller barnehagen vil og vere med å gje opplysningar i saka.

Samtykke

Kommunen kan ikkje innhente opplysningar om barnet som er omfatta av teieplikt utan at føresette samtykker til dette. Kommunen kan heller ikkje dele opplysningar om barnet med andre instansar utan at det er heimel i lov for det. Dersom det ikkje er heimel i lov for å dele opplysningar, må det innhentast samtykke frå føresette.

Melding om behov for eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod

Det er foreldra i samarbeid med barnehagen som melder om behov for individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet for barnet.