Om barnet har særskilte utfordringar, kan det ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Barnet kan ha rett til hjelp frå fødselsen av, og uavhengig av om det går i barnehage eller ikkje (Barnehagelova §31).
Målet med spesialpedagogisk hjelp
Målet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av t.d. språkleg og sosial dugleik. Spesialpedagogisk hjelp kan t.d. vere trenings- og stimuleringtiltak for barnet, eller støtte til dei som jobbar i barnehagen. Den spesialpedagogiske hjelpa skal vere tilpassa barnet sitt behov. Foreldre vil de alltid få tilbod om rettleiing.
Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)
Om du er bekymra for utviklinga til barnet ditt og bed om spesialpedagogisk hjelp, vil kommunen sørgje for at PPT (pedagogisk- psykologisk teneste) utarbeidar ein sakkunnig vurdering som vert lagt til grunn når det vert gjort vedtak om spesialpedagoogisk hjelp.
Barnehagen eller kommunen kan også be om at PPT utarbeider sakkunnig vurdering for eit barn. Kommunen vil alltid involvere foreldre og få samtykke før det vert tatt avgjerd som gjeld barnet. Foreldre vert involvert og kan uttale seg i prosessen frå tilmelding til PPT for sakkunnig uttale, til det vert fatta einskildvedtak (Barnehagelova §32).
Vedtak om spesialpedagogisk hjelp omfattar (Barnehagelova§ 35):
- Kva hjelpa skal gå ut på
- Kor lenge hjelpa skal vare
- Timeomfang pr veke/år
- Korleis hjelpa skal organiserast
- Kva for kompetanse dei som gjev hjelpa skal ha
- Tilbod om foreldrerådgjeving
Foreldre kan klage dersom barnet ikkje får spesialpedagogisk hjelp, og på vedtak om spesialpedagogisk hjelp (innhald, gjennomføring og organisering av hjelpa). Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans.