Om eigedomsskatt i Kinn kommune

I medhald til Eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal følgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2024. Eigedomsskatt skal skrivast ut på faste eigedomar i heile Kinn kommune.

Skattesats for 2024

  • Generell skattesats: 5,0 promille.
  • Skattesats for bustad/fritid: 3,3 promille.
  • Det vert skreve ut skatt på det særskilte skattegrunnlaget (produksjonsutstyr) redusert med 6/7-del i 2024 (overgangsregel til ekstl. §§ 3 og 4 første ledd første pkt.) Skattesats: 3,0 promille.

Innbetaling av eigedomsskatt

Eigedomsskatt skal som hovudregel betalast over 4 terminar med same terminforfall som for kommunale avgifter. Kinn kommune tilbyr fleksibel fakturering, der man kan velge å betale over færre eller fleire terminar.

i MinEigedom kan du sjølv velge kor mange gonger i året du ønskjer å motta faktura på kommunale avgifter.

Avtalar med samla årsbeløp/gebyr mindre enn 1000 kroner, blir fakturert i 1.termin for heile skatte- og avgiftsåret. Dersom skatten for ein eigedom er mindre enn 300 kroner, blir det ikkje skrive ut skatt.

Retningsliner for eigedomsskatt

Nye takstar er fastsett i samsvar med Lov om eigedomsskatt og lokale retningsliner for eigedomsskattetaksering i  Kinn kommune.

Rammer og retningslinjer for eigedomsskatt

Eigedomsskattelister og skattesetlar

  • Opplysningar om skatt og takst (skattesetel) vert sendt ut i veke 8/9. Skattesetelen blir sendt til den som er registrert som eigarrepresentant for skatteeigedomen.
  • Eigedomsskattelistene blir publisert kvart år på kommunen si heimeside seinast 1. mars. Dette vert tilgjengelege for gjennomsyn i fire veker.

Fritekne for eigedomsskatt

  • Ordninga med fritak for nye bustader vert teke vekk frå og med 2024.
  • Flytebrygger skal fritakast for eigedomsskatt med heimel i § 7 bokstav a i eigedomsskattelova. Fritaket gjeld ikkje bryggeanlegg som vert drive på kommersiell basis.
  • Følgjande eigedomar vil bli vurdert fritekne for eigedomsskatt etter søknad: