Om eigedomsskatt i Kinn kommuneLytt til tekstenStopp avspillingI medhald til Eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal følgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2024. Eigedomsskatt skal skrivast ut på faste eigedomar i heile Kinn kommune.Skattesats for 2025Generell skattesats: 5,0 promille.Skattesats for bustad/fritid: 3,3 promille.Innbetaling av eigedomsskattEigedomsskatt skal som hovudregel betalast over 4 terminar med same terminforfall som for kommunale avgifter. Kinn kommune tilbyr fleksibel fakturering, der man kan velge å betale over færre eller fleire terminar.i MinEigedom kan du sjølv velge kor mange gonger i året du ønskjer å motta faktura på kommunale avgifter.Avtalar med samla årsbeløp/gebyr mindre enn 500 kroner, blir fakturert i 1.termin for heile skatte- og avgiftsåret. Dersom skatten for ein eigedom er mindre enn 300 kroner, blir det ikkje skrive ut skatt.Retningsliner for eigedomsskattNye takstar er fastsett i samsvar med Lov om eigedomsskatt og lokale retningsliner for eigedomsskattetaksering i Kinn kommune.Rammer og retningslinjer for eigedomsskattEigedomsskattelister og skattesetlarOpplysningar om skatt og takst (skattesetel) vert sendt ut i veke 4/5. Skattesetelen blir sendt til den som er registrert som eigarrepresentant for skatteeigedomen.Eigedomsskattelistene blir publisert kvart år på kommunen si heimeside seinast 1. mars. Dette vert tilgjengelege for gjennomsyn i fire veker.Fritekne for eigedomsskattOrdninga med fritak for nye bustader vert teke vekk frå og med 2024.Flytebrygger skal fritakast for eigedomsskatt med heimel i § 7 bokstav a i eigedomsskattelova. Fritaket gjeld ikkje bryggeanlegg som vert drive på kommersiell basis.Følgjande eigedomar vil bli vurdert fritekne for eigedomsskatt etter søknad:Eigedomar til stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten (esktl. § 7 a).Bygningar som har historisk verdi (esktl. § 7 b).Les meir om generelle prinsipp for fritak etter eigedomsskattelova § 7 Publisert 27.02.2023 15.27 Sist endra 22.01.2025 12.14