Vil du bli ein folkeforskar?Lytt til tekstenStopp avspillingEin folkeforskar er ein som bidreg med nyttige observasjonar og data til glede for forskarar og andre interesserte. Det er mange ting du som enkeltperson kan bidra med for at kunnskapen om klimaendringar og naturmangfald blir betre. Nedanfor er det lista opp nokre nettstadar du kan bruke for å registrere observasjonar du har gjort, enten du er interessert i ekstremvêr, fugl, fisk, sopp eller mose. Vêr og vind Citizen Sensing - dokumenter lokale vêrhendingar Bruk brukernamn og passord test/test om du vil prøve deg fram. Om du har ei reell hending du vil melde inn, brukar du kinn/kinn. Netatmo-kartet Netatmo-kartet viser Netatmo-stasjonar plassert ut av hovudsakleg privatpersonar. Her kan du sjå svært lokale vêrdata. Eigen Netamo-stasjon kan du kjøpe i dei fleste butikkar som sel elektronikk. Naturmangfald Artsobservasjoner - for registrering av artar av artsdatabanken Her kan du legge inn eigne observasjonar (fyst må ein opprette personleg brukarkonto). I tillegg har artsdatabanken eit kart der du kan sjå kva andre har lagt inn. Då går du til artskart. Du kan zoome inn i kartet, eller søke opp artar som du er spesielt interessert i. Kommunen jobbar kontinuerleg med å legge inn parkslirekne (Reynourtria japonica), og oppmodar spesielt om å registrere dette, eller melde ifrå til kommunen dersom førekomsten ikkje allereie er lagt inn. Artsdatabanken har i tillegg utvikla ein app for mobil: Artsorakelet. Amber Barrier Tracker- For registrering av vandringshinder i vassdrag Her lastar du ned app til telefon for å gjennomføre registreringar. Publisert av Frida Rogne Publisert 25.01.2023 13.27 Sist endra 16.05.2023 10.10