Mistenkjer du at nokon ikkje har det bra heime?

Er du sjølv utsett for vald eller seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som du veit eller mistenker blir utsett for det?​ På denne sida finn du meir informasjon om kva du kan gjere og kven du kan ta kontakt med. ​

Du kan òg lese meir om kva vald og seksuelle overgrep er, og kva det kan gjere med dei som blir utsett for dette. Treng du nokon å snakka eller rådføre deg med, kan du kontakte psykisk helse og rus

Her kan du sjå eit enkelt handlingsark for korleis du skal handle om du ser nokon bli utsett for vald eller seksuelle overgrep.

Avverjeplikt

Alle har ei personleg plikt til å melde eller på annan måte avverje og hindre alvorlege brotsverk

Vald og overgrep?

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Gå til handlingsplanen mot vald i nære relasjonar her

Vald i nære relasjonar er alvorleg kriminalitet, eit angrep på grunnleggande menneskerettar, og eit folkehelseproblem. Vald har mange uttrykk, og omfattar fysiske, psykiske, seksuelle og materielle overgrep.

Det kan omhandle overgrep mot noverande eller tidlegare kjærast, sambuar, barn eller ektefelle. Vald kan ramme barn, barnebarn eller overgrep mot eldre slektningar.

Viktige telefonnummer