Råd til deg som nyleg har fått demenssjukdom

Sosialt samvær gjer dagen god

  • Hald kontakt med andre og opplev sosial hygge. 
  • Fortsett å delta i miljø du tilhøyrer. 
  • For nokon er det godt å fortsetje i jobb. 
  • Fortel gjerne om sjukdomen til dei du har tillit til. 
  • Ta i bruk dei du har rundt deg: Dei er nettverket ditt. 
  • Kan vere godt å vere med få personar om gongen. 
  • Videosamtale med familie som er langt vekke kan vere fint. 
  • FÅ BESØK: Du kan få ein besøksven/aktivitetsven. Ta kontakt med samfunnskoordinator eller demenskoordinator.

Dette kan du gjere for helsa di

  • Det er godt for hjartet og godt for hovudet å gå tur og oppleve natur. Dette kan du gjere for helsa di 30 minutt dagleg er anbefalt. Gå gjerne saman med andre.
  • Prøv å få nok søvn og god søvnrytme. 
  • Ein anbefaler å veksle mellom aktivitet og kvile. Prøv å ikkje stresse. 
  • Syn og hørsel gjer det enklare i dagleglivet. Kontroller syn og hørsel. 
  • Ha eit variert kosthald og nok mat. 
  • Lytt til musikk eller syng sjølv. Hald hjernen aktiv og fortset med interessene dine. 
  • Ein leveregel: gjer meir av det som gleder deg. 

Sjølvstendig heime

Her finn du gode råd som bidred til auka tryggleik i heimen. Kinn kommune tilbyr ulike typar velferdsteknologi med teneste.

  • Fastlegen din skal følge deg opp: Be om faste oppfølgingstimar, bestill ny time kvar gong du er hjå fastlegen. 
  • Elektronisk medisindispenser. 
  • Tryggleiksalarm. 
  • Hald orden på avtalene dine med ein elektronisk kalender. Den kan du søkje på via NAV hjelpemiddelsentral. 
  • Demenskoordinator hjelper deg å finne hjelpemidlar og teknologi som passar for deg.

Gjer bustaden din mest mogleg praktisk

Tips til kva som kan gjere bustaden din oversiktleg, trygg og praktisk:

  • Ryddige rom. Ta bort overflødige møblar, gjenstandar og små tepper. 
  • Ryddig kjøkkenbenk gir betre oversikt – ta bort overflødige gjenstandar. 
  • Kan vere lurt med sklisikring i trappetrinn. 
  • Ha god belysning. 
  • Dører og skuffer er tydeleg merka. Lettare å finne fram. 
  • Ta kontakt med ergoterapeut for å få meir tips og hjelp.

Trygg på tur utandørs

Nokre gode råd om korleis vere tryg ute:

  • GPS-teknologien gjer deg eit tryggare liv. Den gjer deg fridom, beskytting og verdigheit. Jo tidlegare du får alarm, jo lettare er det å bruke den. Du kan ha glede av den lenge. Alle som har demens bør ha GPS. Det er mange variantar på markedet.

Kven kan eg kontakte?

I tillegg til fastlegen er det godt å ha ein kontaktperson som kan gje deg råd. 

Demenskoordinator kan svare på spørsmål og gje deg konkrete råd og tips for å meistre dagleglivet best mogleg. Tlf. 57 75 60 00 

Råd og tips til tilrettelegging i heimen: Ergoterapeut: tlf. 57 75 60 00 

Hjelp til å vere meir sosial? Samfunnskoordinator: tlf. 57 75 60 00