Råd til deg som nyleg har fått demenssjukdomLytt til tekstenStopp avspillingSosialt samvær gjer dagen godHald kontakt med andre og opplev sosial hygge. Fortsett å delta i miljø du tilhøyrer. For nokon er det godt å fortsetje i jobb. Fortel gjerne om sjukdomen til dei du har tillit til. Ta i bruk dei du har rundt deg: Dei er nettverket ditt. Kan vere godt å vere med få personar om gongen. Videosamtale med familie som er langt vekke kan vere fint. FÅ BESØK: Du kan få ein besøksven/aktivitetsven. Ta kontakt med samfunnskoordinator eller demenskoordinator.Dette kan du gjere for helsa diDet er godt for hjartet og godt for hovudet å gå tur og oppleve natur. Dette kan du gjere for helsa di 30 minutt dagleg er anbefalt. Gå gjerne saman med andre.Prøv å få nok søvn og god søvnrytme. Ein anbefaler å veksle mellom aktivitet og kvile. Prøv å ikkje stresse. Syn og hørsel gjer det enklare i dagleglivet. Kontroller syn og hørsel. Ha eit variert kosthald og nok mat. Lytt til musikk eller syng sjølv. Hald hjernen aktiv og fortset med interessene dine. Ein leveregel: gjer meir av det som gleder deg. Sjølvstendig heimeHer finn du gode råd som bidred til auka tryggleik i heimen. Kinn kommune tilbyr ulike typar velferdsteknologi med teneste.Fastlegen din skal følge deg opp: Be om faste oppfølgingstimar, bestill ny time kvar gong du er hjå fastlegen. Elektronisk medisindispenser. Tryggleiksalarm. Hald orden på avtalene dine med ein elektronisk kalender. Den kan du søkje på via NAV hjelpemiddelsentral. Demenskoordinator hjelper deg å finne hjelpemidlar og teknologi som passar for deg.Gjer bustaden din mest mogleg praktiskTips til kva som kan gjere bustaden din oversiktleg, trygg og praktisk:Ryddige rom. Ta bort overflødige møblar, gjenstandar og små tepper. Ryddig kjøkkenbenk gir betre oversikt – ta bort overflødige gjenstandar. Kan vere lurt med sklisikring i trappetrinn. Ha god belysning. Dører og skuffer er tydeleg merka. Lettare å finne fram. Ta kontakt med ergoterapeut for å få meir tips og hjelp.Trygg på tur utandørsNokre gode råd om korleis vere tryg ute:GPS-teknologien gjer deg eit tryggare liv. Den gjer deg fridom, beskytting og verdigheit. Jo tidlegare du får alarm, jo lettare er det å bruke den. Du kan ha glede av den lenge. Alle som har demens bør ha GPS. Det er mange variantar på markedet.Kven kan eg kontakte?I tillegg til fastlegen er det godt å ha ein kontaktperson som kan gje deg råd. Demenskoordinator kan svare på spørsmål og gje deg konkrete råd og tips for å meistre dagleglivet best mogleg. Tlf. 57 75 60 00 Råd og tips til tilrettelegging i heimen: Ergoterapeut: tlf. 57 75 60 00 Hjelp til å vere meir sosial? Samfunnskoordinator: tlf. 57 75 60 00 Publisert 11.01.2024 09.18 Sist endra 11.01.2024 09.18