Kreftkoordinator

Kreftkoordinator i Kinn Kommune har oversikt over kva som finst av tilbod og moglegheiter der du bur. Kinn kommune sin kreftkoordinator er for tida i permisjon, og er tilbake i april 2027. I denne perioden har vi organisert det slik at du vil få oppfølging frå ressurssjukepleiar i heimetenesta. Inntil vidare må du kontakte tildelingskontoret på tlf. 97 99 17 96, så vil du bli rettleia vidare til rett ressurssjukepleiar. 

Kreftkoordinator

  • er til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best mogleg måte.
  • er ansvarleg for å samordne tilbod og tenester rundt kreftpasienten i kommunen.
  • skal vere lett tilgjengeleg for pasient og pårørande – du treng ingen tilvising for å ta kontakt.
  • skal bidra med gode rutine og system for kreftomsorga i kommunen.