Trinn 6 - 4.6.1 - Omsorgsbustad med heildøgnsteneste

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 29 – Bolig som kommunen disponerer for helse- og omsorgsformål. IPLOS kapittel 12 – Boligopplysninger – beboer har inngått husleigekontrakt og betaler husleie.

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel for husleige, praktisk bistand, vask av privattøy, leige av sengetøy og handkle og fullkost etter ein kvar tid gjeldande følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Mål for tenesta/føremål

Formålet med heildøgnsomsorgsbustader er å kunne tilby innbyggjarar med nedsett funksjonsnivå tilrettelagt bustad, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Kriterium for tildeling

  • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
  • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • Alle andre tiltak lågare på omsorgstrappa skal vere utprøvd.
  • Det må vere eit omfattande hjelpebehov og man vil få vedtak på ulike tenester etter behov i tillegg til omsorgsbustaden.
  • Søkjar må vere over 18 år, og ha vore folkeregisterført i kommunen i minimum dei to føregåande åra.
  • Søkjar har helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma.
  • Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsetje behov for institusjonsopphald, og gje søkjar auka sjølvstende i eigen kvardag. 

Praktiske opplysningar

  • Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova.
  • Leigeavtale vert inngått med kommunen.
  • Leigetakar kan søke bustønad.
  • Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring.
  • Tepper er ikkje ønskjeleg.
  • Tenestemottakar må sjølv melde flytting til Folkeregisteret, Posten m.m.
  • Hjelpemiddel bør vere på plass før innflytting.
  • Dersom du ikkje lenger støttar krava, vil tenesta bli evaluert.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

  • Inn- og utflytting av omsorgsbustader.
  • Nedvask av omsorgsbustader.

Forventningar til tenesteytar

Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.

Forventningar til tenestemottakar

  • Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
  • Gjer seg kjend med vedtak.

Merknad

Nye e-fløy på Kulatoppen HDO er møblert.

Du kan lese meir om omsorgsbustad med heildøgnsteneste her.