Heildøgns bemanna omsorgsbustad

Dersom du ikkje lenger kan bu i din eigen private bustad, sjølv med mykje bistand frå heimetenesta, kan du få tilbod om omsorgsbustad som har bemanning tilgjengeleg heile døgnet (HDO bustad). Bustaden skal være tilrettelagt slik at du kan utføre dine daglege gjeremål på same måte eller betre enn før.

Omsorgsbustaden reknast som heimen din, og du må derfor betale husleige som i eit vanlig leigeforhald. Andre helse- og omsorgstenester kan du søkje om og betale for på same måte som når du budde heime.

Gå til søknadsskjema for omsorgsbustad

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03