Trinn 5 - 4.5.2 - Korttidsopphald anna

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 20 – Tidsbegrenset opphold – annet. IPLOS kapittel 10 Rapportering av tjenester med definisjoner og rapporteringskrav.

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel for korttidsopphald i institusjon jf. Eigendelsforskrifta og følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Mål for tenesta/føremål

Gje tilbod om heildøgns pleie- og omsorg i institusjon i ein tidsavgrensa periode.

Kriterium for tildeling

  • Andre relevante tiltak i høve innsatstrappa skal på førehand vere vurdert og/eller utprøvd.
  • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
  • Personar med samtykkekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • Tenestemottakar må ha eit tidsavgrensa behov for døgnkontinuerleg opphald for observasjon, behandling eller omsorg ved livets slutt.
  • Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast med lege om behovet er av ein slik art at nødvendig helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta.
  • Akutt sjukdom hos omsorgsytar.
  • Det blir kartlagt og vurdert eit behov for re-/eller habilitering.
  • Tilrettelegging i heimen, eller re-/habilitering på andre arenaer - vurderast som utan nytte, vanskeleg eller uønskt på noverande tidspunkt.
  • Der er eit rehabiliteringsbehov som fortrinnsvis  ikkje krev opphald i rehabiliteringssenter på 2 eller 3 linje nivå. 
  • Forventa nytte av opphaldet.

Praktiske opplysningar

  • Det vert etter 60 døgn på korttidsopphald i løpet av året, kravd eigendel tilsvarande som for langtidsopphald i institusjon. 
  • Eigenbetalinga dekker kost, losji og legemiddel under opphaldet.
  • Forlenging av korttidsplass og eventuelt endring til langtidsplass blir kontinuerleg vurdert under opphaldet.
  • Den som tek imot korttidsplass må ha med seg naudsynt personleg utstyr, medisinar som ikkje er foreskrevet av lege og hjelpemiddel. 
  • Tenesteytar er ansvarleg for transport til og frå korttidsopphaldet.
  • Fleire av institusjonane har utstyr til digitalt tilsyn.
  • Det må gjevast skriftleg samtykke til bruk av digitalt tilsyn. Digitalt tilsyn kan gje forbetring i søvnkvalitet og kan redusere risiko for fall.
  • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar skal opptre på ein respektfull måte.
  • Legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.
  • Følgje vedtaket.
  • Lage ein plan for opphaldet i saman med tenestemottakar og eventuelt pårørande.

Forventningar til tenestemottakar

  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Brukar utfører sjølv det han/ho meistrar.
  • Sørge for at private klede er merka med navn.

Merknad

Du kan lese meir om opphald på sjukeheim her.