Trinn 5 - 4.5.1 - Korttidsopphald utgreiing, vurdering og behandling

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS tenestetype 18 – Tidsbegrenset opphold – utgreiing/behandling. IPLOS kapittel 10 Rapportering av tjenester med definisjoner og rapporteringskrav.

    Eigenbetaling

    Ja. Brukar betaler eigenandel for korttidsopphald i institusjon jf. Eigendelsforskrifta og følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar for Kinn».

    Mål for tenesta/føremål

    • Føremålet med opphaldet er å kartlegge brukar sitt funksjonsnivå og evne til eigenomsorg, samt vurdere behovet for framtidige tenester for at brukar skal kunne halde fram med å bu i eigen bustad.
    • Er tidsavgrensa planlagde i opp til to veker.

    Kriterium for tildeling

    • Andre relevante tiltak i høve innsatstrappa skal på førehand vere vurdert og/eller utprøvd.
    • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
    • Personar med samtykkekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
    • Tenestemottakar må ha eit tidsavgrensa behov for døgnkontinuerleg opphald for utredning og/ eller behandling.
    • Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast med lege om behovet er av ein slik art at nødvendig helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta. 

    Praktiske opplysningar

    • Det vert etter 60 døgn på korttidsopphald i løpet av året, kravd eigendel tilsvarande som for langtidsopphald i institusjon.
    • Eigenbetalinga dekker kost, losji og legemiddel under opphaldet.
    • Forlenging av korttidsplass og eventuelt endring til langtidsplass blir kontinuerleg vurdert under opphaldet.
    • Den som tek imot korttidsplass må ha med seg naudsynt personleg utstyr, medisinar som ikkje er foreskrevet av lege og hjelpemiddel.
    • Tenesteytar er ansvarleg for transport til og frå korttidsopphaldet.
    • Fleire av institusjonane har utstyr til digitalt tilsyn.
    • Det må gjevast skriftleg samtykke til bruk av digitalt tilsyn. Digitalt tilsyn kan gje forbetring i søvnkvalitet og kan redusere risiko for fall.
    • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.

    Forventningar til tenesteytar

    • Tenesteytar skal opptre på ein respektfull måte.
    • Legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar.
    • Følgje vedtaket.
    • Lage ein plan for opphaldet i saman med tenestemottakar og eventuelt pårørande.

    Forventningar til tenestemottakar

    • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket.
    • Brukar utfører sjølv det han/ho meistrar.
    • Sørge for at private klede er merka med namn.

    Merknad

    Les meir om opphald på sjukeheim her.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03