Trinn 3 - 4.3.9 - Praktisk bistand eigenomsorgLytt til tekstenStopp avspilling LovheimelPasient- og brukerrettighetsloven § 2-1a.Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 punkt 6 bokstav b.KlagevegKlage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.KPR/IPLOS-registreringJa. IPLOS-tenestetype 1 Praktisk bistand: daglege gjeremål. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablene.EigenbetalingNei.Mål for tenesta/føremålTenestemottakar får hjelp til bistand personleg stell og eigenomsorg for å kunne bu i eigen heim lengst mogleg.Tenestemottakar er mest mogleg sjølvhjelpt ved bruk av eigne ressursar og hjelpemiddel.Kriterium for tildelingEin skal ha prøvd ut/vurdert tenester på eit lågare nivå i trappa før ein tildeler helsehjelp.Førebygge behov for andre tenester.Kvardagsmeistring og rehabilitering skal vurderast før noko anna.Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av kartlegging av behov og/eller heimebesøkInnhente dokumentasjon frå eventuelt lege, fysio- og/eller ergoterapeutSøkjar må ha eit særleg hjelpebehov som følgje av sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.Har sviktande eigenomsorg:Har problem med å ivareta personleg hygiene, ernæring, forflytning m.m.Praktiske opplysningarTenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad med mål om at brukar vert mest mogleg sjølvhjelpen.Heimen må vere best mogleg tilrettelagd for å yte omsorga, her meint følgje råd for tilrettelegging til dømes ta i mot hjelpemiddel for å meistre mest mogleg sjølvEksempel på dette kan vere fjerne golvteppe, redusere møblar ta imot sjukeseng med meir.Omfang og type tenester vert vurdert etter individuelle behov og kva som er fagleg forsvarleg.Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.Vedtaket beskriv innhaldet i og omfanget av tenesta.Brukar må bu eller opphalde seg i kommunen.Individuelt tilpassa ut frå brukar si funksjonsevne.Tildelt tid i vedtaket vert ytt slik ein finn det mest høveleg. Oppgåver kan bli utført over fleire dagar i løpet av ei veke.Alle som mottar helsetenester i heimen lenger enn 3 månader, ein gang pr. veke har rett på fri tannbehandling frå offentleg tannklinikk.Det er ulike måtar å evaluere tenesta på. Dette kan vere gjennom søknad, oppfølgingsteam, melding frå heimetenesta. Oppgåver som tenesta ikkje inkludererPraktiske gjeremål knytt til hushaldet t.d. reinhald, klevask.Transport av tenestemottakar t.d. følgje til lege, frisør etc.Forventningar til tenesteytarTenesteytar opptrer respektfullt i høve tenestemottakar.Tenesta vert gitt i samarbeid med brukar.Tenesteytar vektlegg prinsipp om hjelp til sjølvhjelp.Forventningar til tenestemottakarHeimen skal vere lagt til rette for at heimetenesta får ein god arbeidsplass jf. arbeidsmiljølova.«Arbeidsmiljø i hjemmetenesten – en veileder».Tenestemottakar opptrer respektfullt i høve tenesteytar.Vere aktiv deltakar i eige liv.MerknadLes meir om heimesjukepleie her.